Pneumatiske arbeidselement - Konstruksjons- og styringsteknikk (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Pneumatiske arbeidselement

Ordet pneuma er gresk og betyr «luft» eller «ånd». På fransk kallast bildekk «pneu».

Vi kjenner bruk av trykkluft frå trykkluftbor for boring i fjell, luft i bildekk, lakksprøytar, lastebilbremsar med meir. I industrien blir brukt trykkluft til å drive handverktøy: drillar, slipemaskiner osb., eller til transport av pulveraktige medium som blir blåsne gjennom røyr.

Men vi tenker på pneumatikk først og fremst i samband med automatisering. Her blir brukt pneumatiske arbeidselement i næringsmiddelindustri, møbelindustri, eksplosjonsfarlege område (ex-soner) og produksjonsbedrifter.

Pneumatikk er overføring av kraft og rørsle ved hjelp av trykkluft.

Arbeidselement

Med pneumatiske arbeidselement meiner vi maskiner eller utstyr som utfører sjølve arbeidet. Dei mest vanlege arbeidselementa som blir brukte i pneumatikken, er sylindrar og motorar.

Sylindrar

I pneumatikken er trykkluftsylinderen eit viktig element for å utføre det arbeidet som skal gjerast.

Ein sylinder er eit arbeidselement som arbeider med ei rettlinja rørsle. Dette er ein av dei store fordelene med pneumatikk som kraftkjelde.

Trykkluftsylinderen er i enkelhet eit røyr som er lukka i endene av gavlar. Inne i sylinderen er det eit stempel og ei stempeltong som går ut gjennom den eine gavlen. Stempelet blir drive fram og tilbake med trykkluft, og krafta blir overført gjennom stempeltonga.

Vi skil mellom to typar sylindrar etter korleis rørsla den eine vegen blir utført. Dobbeltvirkende sylindrar bruker luft i begge bevegelsesretningane. Enkeltvirkende sylindrar blir drivne med luft i den eine retninga og med ei fjør i den andre.

Felles for alle typar sylindrar er at det blir kravd gode tetninger, først og fremst for å utnytte effekten i lufta, men også for å avgrense tap i trykkluftsystemet. Det sit òg ein avskraper mot stempeltonga slik at vi unngår å få smuss inn i sylinderen.

Sylindrane kan utstyrast med endedemping. Dette kan gjerast ved at det er montert eit elastisk materiale som stempelet slår mot i endene, anslagsdemping, eller det kan vere utført som pneumatisk demping. Det vil seie at stempelet er utstyrt med eit dempestempel som går inn i ei forlenging av sylinderen i endegavlen. I gavlen er det ein kanal som lufta blir pressa gjennom. Kanalen er utstyrt med ein justeringsskrue, som vi bruker til å stille luftmengda som skal gå gjennom. På denne måten bestemmer vi kor kraftig dempingen skal vere.

Trykkluftsylinderen blir brukt til mange ulike arbeidsoperasjonar som elles ofte har vore utført manuelt. Døme er opning og lukking, skyving og trekking, løfting og senking, pressing eller fastspenning av emne og vending og vriding i tillegg til mange andre operasjonar i samband med bearbeiding og transport av materiale. Vi seier at sylinderen gjer ei "pluss-rørsle" når han går utover, og at han gjer ei "minus-rørsle" når han rører seg innover.

Motorar

Det finst fleire typar pneumatiske motorar. Nokon av desse er:

  • lamellmotor
  • stempelmotor
  • turbinmotor

Det finst òg stempelmotorar som blir brukt til trinnvise operasjonar.

Motorane som blir drivne med luft, har ein del fordeler. Dei er kompakte, har stor yting og toler store lastevariasjonar. Dei kan ha omdreiingstal frå 0 til 30 000 rpm, og lufta sørger i tillegg for god kjøling.

Skrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020