Hopp til innhald

Fagstoff

Eksempel på pneumatiske krinsar

I denne artikkelen skal vi vise nokre eksempel på korleis ein kan styre ein sylinder. Det er berre brukt éin sylinder i kvart eksempel.
Menneskeliknande robot med pneumatisk muskelutløysar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Notasjon

I eksempla ovanfor er det brukt ein notasjon som kan trenge ei kort forklaring. Komponentane har fått ein bokstav og eit tal, som seier noko om komponenten og kvar han står. Nedanfor finn du eit eksempel som har med nokre fleire komponentar frå kompressor til styreventil.

Arbeidselementa, i vårt tilfelle sylindrane, er kalla A. 1A1 betyr:

  • arbeidselementgruppe nummer 1, aktuator nummer 1
  • arbeidsventilar blir kalla V
  • styreventilar blir kalla S

Luftforbetringskomponentane, altså filter og trykkregulator, er kalla Z. Legg merke til at det er sett ein 0 framfor. Det indikerer at dei ikkje høyrer til ei arbeidselementgruppe, men at dei forsyner heile anlegget. Kompressoren er kalla P. Legg merke til at han heller ikkje høyrer til ei bestemt arbeidselementgruppe, men har ein 0 framfor.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 13.09.2018

Læringsressursar

Pneumatikk