Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design av rekkert

På mange skular er bordtennis ein populær aktivitet. I dette prosjektet skal vi designe, modellere og produsere ein bordtennisrekkert der delar av rekkerten består av resirkulert materiale. Rekkerten kan du produsere til deg sjølv eller for å selje i ei elevbedrift.

Kva er ein rekkert?

Før du begynner på designprosessen, er det greitt å definere kva ein bordtennisrekkert består av. Ein rekkert har som regel følgande element: ein kjerne som utgjer både slagflate og handtak, og ei fortjukking på handtaket som fungerer som grep. Rekkerten må òg ha ei mjukare overflate på sjølve slagflata der ballen treffer.

Forma til ein rekkert kan delast opp i handtak og slagflate. Dei har ofte ei oval slagflate med eit rett handtak, men sidan du skal designe og produsere rekkerten frå botnen av, treng du ikkje bruke den tradisjonelle forma.

Designskisser

Dei første designskissene blir ofte gjorde med penn og papir. I prinsippet kan rekkerten ha kva form som helst, firkanta, rund, trekanta og så vidare, så prøv deg fram ved å teikne ulike former på både slagflate og handtak på papiret.

Når du har bestemt deg for kva form rekkerten skal ha, kan du lage ei større skisse av han sånn at du kan legge inn detaljar.

Designskisse av rekkert sett ovanfrå og i profil. Dei ulike elementa er fargelagde med ulike fargar, og detaljar som radius og gummislagflate er skrivne inn på skissa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bordtennisrekkertar har ofte limde handtak, men ifølge EUs føresegner bør produkt utformast slik at dei kan demonterast for reparasjon eller kjeldesortering. Eit alternativ er derfor å legge inn hol for skruar i handtaket.

Vil du lære meir om gode designprosessar?

Viss du skal utvikle eit produkt som skal masseproduserast, bør du ha god kunnskap om produksjonsprosessen for å sikre at det du designar, faktisk kan bli produsert. Ein måte å få denne kompetansen på er å designe tett på produksjonsprosessen. Lær meir om dette i artikkelen om samanheng mellom konsept og produksjon nedanfor.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2023

Læringsressursar

NDLA-rekkert