Hopp til innhald

Fagstoff

Filmsamling: Rekkert

Her får du ein filmserie som tek deg frå idé til ferdig produkt når du skal produsere NDLA-rekkerten. Kanskje du òg får idéar til andre produkt?

Film 1: Idéprosessen

Du har sikkert sett eit produkt og tenkt at det hadde vore spennande med ei anna utforming? Her får du eit innblikk i korleis prosessen frå idé til ferdig produkt kan gjennomførast.

Film 2: Modellering

Modellering er eit samleomgrep knytt til design og å lage ein digital prototype eller modell av tankane og idéane dine.

Her får vi eit innblikk i korleis du kan nytte CAD-programvare for å lage ein tredimensjonal modell. Med den kan du sjå korleis idéane dine vil sjå ut i verkelegheita.

Film 3: Støyping av kompositt

Dei fleste gonger du skal lage noko, tek du utgangspunkt i eit ferdig materiale. I denne filmen får du sjå korleis du kan lage ditt eige arbeidsemne gjennom ein støypeprosess. Å støype saman fleire materiale lag for lag dannar det som blir kalla eit komposittmateriale.

Film 4: Fresing med CNC-fres

Avhengig av kva design du har valt på rekkerten, kan utskjering og produksjon vere komplisert.

Viss du skal du lage mange eksemplar eller vil at alle skal vere like, kan det vere formålstenleg å nytte ei CNC-styrt maskin.

I denne filmen får du eit innblikk i korleis du kan frese eit slikt komposittmateriale med ei CNC-styrt fresemaskin.

Film 5: 3D-skriving

Ein 3D-skrivar bygger opp ein del lag for lag. Du kan velje ulike materiale og ulik struktur for delen ved å forandre innstillingar i 3D-skrivaren.

Kva overflatestruktur er formålstenleg for denne delen – ei heilt glatt og fin overflate, eller ein grov og ru struktur? Sjå filmen, og gjer deg opp ei meining.

Filmen viser korleis du kan gå fram for å produsere og montere ein slik del.

Film 6: Slagflata til rekkerten

Eit komposittmateriale er ofte glatt og hardt. På ein bortennisrekkert vil ei glatt slagflate vere heldig.

Her får du sjå korleis du kan støype ei slagflate i gummi, eller ved hjelp av ein 3D-skrivar med eit mjuka materiale.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2023

Læringsressursar

NDLA-rekkert