Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

3D-modellering av rekkert

Når vi har ein viss idé om korleis rekkerten skal sjå ut, kan vi lage ein detaljert 3D-modell. Vi må kanskje forandre litt på dimensjonane for at rekkerten skal passe til handa og spelestilen til den framtidige eigaren.

Forslag til framgangsmåte

I videoen nedanfor får du presentert ein mogleg framgangsmåte for å 3D-modellere rekkerten. Ein 3D-modell er nøyaktig dimensjonert og kan brukast til å lage kode til å styre digitale produksjonsmaskiner som 3D-skrivarar og CNC-fresar.

3D-modellering av kjerne

Vi startar med å teikne ut kjernen til rekkerten. Her kan vi spare mykje tid om vi først teiknar halve delen og så speglar han. Det kan vere ein fordel å runde av hjørna på rekkerten. Hjørnet der handtaket går over i slagflata, er eit svakt punkt. Derfor må det leggast inn ein større radius der.

Etter at vi har lagt på radiusar på halve delen, bruker vi spegle-funksjonen i 3D-programmet til å få fram den andre halvdelen av rekkerten.

Tredimensjonal teikning av ein halv bordtennisrekkert med kantete form. Kantane er skarpe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Første versjon av 3D-modellen.

Tredimensjonal teikning av ein halv bordtennisrekkert med kantete form. Kantane er avrunda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Versjon med avrunda kantar.

Todimensjonal teknisk teikning som viser ein halv bordtennisrekkert. Hjørna er avrunda, og radiusane for hjørna er målsette. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Radiusar lagde på halve delen.

Modell av sekskanta bordtennisrekkert med avrunda kantar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spegla og ekstrudert modell.

3D-modellering av grep

Også når vi modellerer grepet, kan vi spare tid på å teikne halve delen og deretter spegle han. 2D-teikninga nedanfor viser halve delen. Dimensjonar og radiusar er lagde på.

Todimensjonal teikning av eit rekkerthandtak. Teikninga viser halve delen. Mål og radiusar for skruehol er lagde inn.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tjukn

For å gi handtaket tjukn bruker vi -funksjonen. Tjukna kan til dømes vere 15 mm. Så speglar vi resultatet slik at vi får grunnforma til heile handtaket.

Kurvatur

Vi vil gi handtaket ei avrunda overflate. Då må vi først teikne kurvaturen vi ønsker. Den som skal bruke rekkerten, kan ha ulike behov og preferansar som vi bør ta omsyn til når vi tilpassar tjukna på handtaket. Illustrasjonen nedanfor viser kurvaturen til den eine halvdelen av handtaket.

Teikning av halve tverrsnittet av eit rekkerthandtak, med kurvatur og mål.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vinkel på handtaket

Nedre del av handtaket bør vere tjukkare slik at rekkerten ligg godt i handa. Vi må derfor også gi vinkel på handtaket. 3,5 gradar framover kan vere eit godt utgangspunkt:

Teikning av handtak til bordtennisrekkert. Nedre del av handtaket er tjukkare enn øvre del.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I modelleringsprogrammet bruker vi extrude-funksjonen til å skjere vekk overflødig materiale.

Grep for tommel

Storleiken på tommelen varierer frå hand til hand. I tillegg verkar spelestilen inn på korleis den som bruker rekkerten, plasserer tommelen sin. Derfor bør vi sikre eit godt tommelgrep. Vi kan bruke extrude-funksjonen i programmet til å fase av kanten på handtaket og lage ei overflate å kvile tommelen på.

For å lage extrude-funksjonen treng du ei skisse på rett plan i 3D-modellen. Her legg du inn avstand frå plan og vinkel på den trekanten du bruker for å ekstrudere med etterpå.

Illustrasjon som viser eit snitt igjennom eit rekkerthandtak. Avstand frå plan og vinkel på trekanten som blir brukt for å ekstrudere med, er teikna inn. Avstand frå plan er 1,5 cm, mens vinkelen er på 60 gradar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mutterhol

For å teikne mutterhola opprettar vi eit plan tre millimeter frå botnen av grepet. Så teiknar vi to sekskantar på planet.

Flateavstanden til ein M4-mutter er 7 mm, men 3D-skrivaren skriv ofte ut hol litt mindre enn oppgitt i modellen fordi plasten er flytande når han blir skriven ut. Avhengig av maskina vi bruker, må vi kanskje forandre målet slik at mutteren passar godt.

Illustrasjon som viser ein modell av eit rekkerthandtak med to mutterhol. Handtaket blir vist både ovanfrå og i snitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passform og avrunding

Til slutt rundar vi av handtaket så det ligg betre i handa.

3D-modellering av gummiflate

Også når vi modellerer gummiflata, teiknar vi halve delen og speglar han slik at vi sparer tid.

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 06.06.2023

Læringsressursar

NDLA-rekkert