Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

3D-printing av handtak

Vi ser her på korleis handtaket kan lagast i ein 3D-skrivar, og på forskjellen i design og grep som eit 3D-printa grep kan gi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3D-printing

3D-printeprosessen du skal bruke i dette prosjektet, blir kalla Fused Deposition Modelling (FDM). Det ligg i namnet at maskina fungerer ved at ho smelter plast frå ein spole og bygger opp eit produkt lag på lag med deponert materiale. Kvart lag med plast blir smelta saman med det neste.

Funksjonelt design

Handtaket på rekkerten bør vere avrunda og godt å halde i, men det er tidkrevjande å frese delar med slik kurvatur. Kurvatur kan derimot enkelt 3D-printast i plast. Du kan bestemme kor tjukke lag med plast maskina skal legge ned om gongen, og på den måten styre kor lang tid prosessen tek, og kor fin overflate du får på handtaket. Tynne lag gir ei fin overflate, men då tek det også lengre tid å skrive ut handtaket.

På biletet til venstre nedanfor kan du samanlikne overflata på fire handtak. Handtaket lengst til venstre blei skrive ut på fire timar, medan handtaket lengst til høgre berre tok 25 minutt.

Ulike fargar

Plasten kjem dessutan i mange ulike fargar, så du kan enkelt tilpasse utsjånaden på rekkerten ved å skrive ut handtaket i ein annan farge. På den måten kan du gi rekkerten ein personleg vri.

Fire rekkerthandtak i svart plast som er produserte med ulik grovleik. Handtaka med grovare struktur har fått ein struktur som minner om trevirke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rekkerthandtak i plast i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Design og produksjonstid

Mindre lagtjukkleik aukar produksjonstida, fordi skrivaren må legge ned fleire lag med plast. Viss du til dømes reduserer lagtjukkleiken frå 0,2 mm til 0,05 mm, tek produksjonen altså mykje lengre tid. For ei elevbedrift vil tid vere pengar, fordi ei lang produksjonstid gir færre seljelege produkt per dag.

Men ei fin overflate er ikkje alltid ein fordel. Viss du skriv ut handtaket med tynne lag, vil det kanskje sjå betre ut, men funksjonen vil vere dårlegare, fordi handtaket blir glattare og du får dårlegare grep.

Viss du heller maksimerer lagtjukkleiken, vil resultatet vere eit meir funksjonelt produkt sidan det har betre grep, samtidig som delen også vil vere raskare å produsere fordi 3D-skrivaren må skrive ut færre lag med plast. Viss du er ein del av ei elevbedrift som skal produsere varer for sal, vil ein grov lagtjukkleik altså gi eit produkt som både er billigare, raskare å produsere og meir funksjonelt.

Du kan forandre lagtjukkleiken og andre produksjonsparameterar i programvara til 3D-skrivaren.

Resirkulering

Ingen gjenstandar varer evig. Ein del av dette oppdraget var derfor å lage ein rekkert som kan resirkulerast. Dette oppnår du ved å lage eit handtak som blir skrudd fast, og som dermed kan demonterast og resirkulerast den dagen rekkerten skal skrotast. Når handtaket i tillegg blir merka med rett resirkuleringssymbol, blir det enklare å sortere handtaket i rett behaldar. Dette bidreg til å auke resirkuleringsgraden, sidan risikoen for feilsortering blir redusert.

Du merkar handtaket ved å legge inn resirkuleringssymbolet for PET på baksida av handtaket i teikninga til 3D-printinga. På den måten blir symbolet synleg på det ferdige produktet.

Montering av handtak

Når alle delane er ferdige, monterer du enkelt handtaka på den utfreste rekkertflata ved hjelp av to skruar og mutterar. Hugs å ikkje stramme skruane for mykje.

Nærbilete av baksida av eit lilla rekkerthandtak. Resirkuleringssymbolet for PET er printa inn midt på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Rekkertflate, handtak i to deler, skruar og unbrakonøkkel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Refleksjonsspørsmål

  1. Kvifor treng du eit PET-symbol på baksida av grepa?

  2. Kva kan skje viss du strammar skruane for hardt?

  3. Har tid og pris noko å seie for dette produktet? Diskuter gjerne i klassen og få opp ulike forslag.

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2023

Læringsressursar

NDLA-rekkert