Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon

Korleis vil du bli teken imot i ny jobb i ei ny bedrift? Tenk deg korleis det er å kome den første dagen, når du kjenner nesten ingen. Det er skummelt. Det er viktig å ta godt imot nye medarbeidarar så dei får ein god start.
Mann og kvinne som tek kvarandre i hendene. Foto.

Introduksjonsplan

Det er viktig å lage gode rutinar for introduksjon på arbeidsplassen. Du kan hjelpe bedrifta ved å lage ein introduksjonsplan.

I planen beskriv du kva bedrifta må ordne før den nytilsette kjem. Vi må mellom anna sikre at den nytilsette får tilgang til digitale system, og at utstyr er på plass. Du bør informere alle på avdelinga om at det kjem ein ny person, og at vi må ta den nye imot på ein god måte.

Den første dagen kan bestå av omvising, med helserunde og informasjon om bedrifta. Den nytilsette blir på denne måten fort kjend med arbeidsplassen og kollegaer.

Dei første vekene er det nødvendig opplæring som står på planen. Det er mange system og rutinar på arbeidsplassen som ein nytilsett ikkje kjenner. Moderne bedrifter er kompliserte organisasjonar som det tek tid å bli kjend med.

Døme på ein introduksjonsplan

Introduksjonsplan frå Det medisinske fakultetet, Universitetet i Oslo

Fadder

Ei ordning med fadder er ein god metode for å ta vare på den nytilsette i den første tida på jobb. Ein fadder er ein kontaktperson som kjenner verksemda og arbeidsoppgåvene godt, og som kan gi god informasjon. Fadderen skal òg bidra til at den nytilsette blir ein del av arbeidsmiljøet og trivst på jobben.

Prøvetid

Dei fleste arbeidsgivarar har prøvetid for nytilsette. Dersom vi tilset ein person i fast stilling, er prøvetida seks månader. Vi har som regel prøvetid for at bedrifta skal prøve ut korleis den tilsette arbeider, men også for at den nytilsette får sjå korleis han eller ho trivst. I prøvetida er oppseiingstida kort, som regel 1–2 veker gjensidig frist.

I løpet av prøvetida bør det planleggjast minst to oppfølgingssamtalar. Det er dagleg leiar eller HR-ansvarleg som gjennomfører desse. Det er viktig å avdekkje så tidleg som mogleg om personen trivst i arbeidet, og om bedrifta vurderer tilsetjinga som vellykka.

Dersom bedrifta i prøvetida eller i oppfølgingssamtalane finn ut at ho vil gå til oppseiing, er det viktig å følgje arbeidsmiljølova kapittel 15, Opphør av arbeidsforhold. Det skal dokumenterast at bedrifta har hatt samtalar og gjort tiltak undervegs i prøvetida.

Det må vere ein sakleg grunn til oppseiinga, og han skal liggje føre skriftleg.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 16.10.2020

Læringsressursar

Rekruttering