Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekruttering til sals- og reiselivsbedrifter

Sjå filmen om rekrutteringsprosessen hos Color Line. Svar på oppgåver med utgangspunkt i filmen, og beskriv rekrutteringsprosessen for ei sjølvvald stilling i ei sals- eller reiselivsbedrift.

Oppgåve 1 – jobbanalyse

  1. Kva meiner vi med ein kravspesifikasjon i tilsetjingsprosessen, og kva bør han innehalde?

  2. Lag kravspesifikasjonen for ei sjølvvald stilling i ei sals- eller reiselivsbedrift.

Oppgåve 2 – utlysing

  1. Kva er ei utlysing, og kva bør vi ta med?

  2. Skriv ei utlysing for stillinga du har valt.

  3. Kvar ville du ha lyst ut stillinga? Grunngi svaret.

Oppgåve 3 – utveljing

  1. Korleis vel Color Line ut kven dei tek inn på intervju?

  2. Korleis gjennomfører dei intervjuet i filmen?

  3. Kva er ein referansesjekk, og korleis blir han utført?

  4. Beskriv korleis du ville ha gjennomført eit intervju til stillinga di.

  5. Korleis ville du ha gjennomført referansesjekk, og kva ville du ha spurt om?

Oppgåve 4 – tilsetjing

  1. Kvifor trur du dei valde å tilsetje Frank?

  2. Kva vil du vektleggje i tilsetjinga di?

  3. Alle som blir tilsette, har krav på ein arbeidskontrakt. Kva skal han innehalde?

Oppgåve 5 – introduksjon

  1. Kva introduksjon får Frank på første arbeidsdag?

  2. Lag ein plan for ei introduksjonsveke for stillinga du skal tilsetje nokon i.

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Rekruttering