Hopp til innhald

Fagstoff

Rekrutteringsprosessen i sals- og reiselivsbedrifter

Korleis går bedrifter fram når dei skal tilsetje nye medarbeidarar?
Illustrasjon som viser gangen i rekrutteringsprosessen. Fem boksar med pilar mot høgre mellom kvar boks. I boksane står det jobbanalyse, utlysing, utveljing, tilsetjing og introduksjon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi skal tilsetje nye medarbeidarar, er det nyttig å ha ein plan for prosessen. Vi kallar dette rekrutteringsprosessen, og han består av fleire trinn.

Å ha tilsette fører med seg mange kostnader – løn, arbeidsgivaravgift, forsikringar og utstyr. Derfor er det viktig med gode rekrutteringsprosessar for å sikre at personen som blir tilsett, er den beste kandidaten til stillinga. Prosessen kan ofte ta fleire månader, så det lønar seg å starte i god tid.

Trinna i rekrutteringsprosessen

Vi har delt inn rekrutteringsprosessen i fem trinn. Det første trinnet kallar vi jobbanalyse. Her vurderer bedrifta om dei har behov for nye medarbeidarar, og i så fall kva kompetanse dei treng.

Trinn to er utlysing. Bedrifta må utforme ein stillingsannonse og velje kva kanalar dei skal lyse ut stillinga i, til dømes på finn.no. Nokre stillingar blir berre lyste ut internt i bedrifta.

Trinn tre er utveljing. Bedrifta les gjennom søknader og vel ut kven dei vil invitere til intervju.

Tilsetjing er det fjerde trinnet. Bedrifta tilbyr den utvalde personen jobb, og skriv arbeidskontrakt.

Det siste trinnet er introduksjon. Her får den nytilsette opplæring og gjerne ein fadder i bedrifta.

Filmen viser rekrutteringsprosessen i Color Line. Jobbsøkjaren blir spelt av ein skodespelar.

Regelverk

I arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova finn vi reglar som alle verksemder må følgje i rekrutteringsprosessen. Det er til dømes ikkje alt ein har lov til å spørje om i eit intervju.

Rekruttering i offentlege verksemder

Offentleg sektor har fleire reglar dei må følgje i rekrutteringsprosessen, enn private bedrifter. Det er mellom anna eit krav at dei arkiverer søknadene og utarbeider offentlege søkjarlister.

I offentlege verksemder skal òg representantar frå fagforeiningane til dei tilsette delta i rekrutteringsprosessen.

Relatert innhald

I samband med ein jobbanalyse må leiar og verksemd spørje seg kva slags person dei skal søkje etter. Kva arbeidsoppgåver skal gjerast?

Stillingsannonsen skal fange interessa til gode søkjarar. Han fortel at vi treng ein ny person, og kva kompetanse personen skal ha.

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Rekruttering