Oppgåve
Rekruttering via arbeidsplassen.no og finn.no
Internett får stadig større betydning i samband med rekruttering. Her ligg det store moglegheiter for både arbeidsgivarar og jobbsøkjarar. I denne oppgåva skal du undersøkje dei to største databasane for jobbsøking og rekruttering i Noreg.
Nettstadene arbeidsplassen.no og finn.no/jobb er dei to største nettstadene for både arbeidssøkjarar og bedrifter som søkjer etter tilsette i Noreg.
Finn ut meir om finn.no/jobb og arbeidsplassen.no. Slå opp på nettstadene og undersøk følgjande:
- Kven eig nettstadene?
- Kva kan desse nettstadene hjelpe bedrifta med?
- Korleis kan nettstadene hjelpe ein arbeidssøkjar?
- Koster det pengar å registrere seg som bedrift eller arbeidssøkjar?
- Samanlikn opplysningane om begge nettstadene, og beskriv korleis bedrifta og du som arbeidssøkjar kan bruke dei.