Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øving til nasjonalgitt eksamen – eksamensdag

Du skal lage ein praktisk produksjon og reflektere over denne. Du skal òg drøfte ei mediefagleg problemstilling ved hjelp av mediefaglege teoriar.

På prøveeksamensdagen skal du ha tilgang til headset, digitale skriveverktøy og redigeringsverktøy for bilete, lyd og video. Opptaksverktøy eller verktøy som kan brukast til kommunikasjon, er ikkje tillate.

Oppgåve 1

A: Produser eit mem

Lag eit mem med utgangspunkt i eit av medieuttrykka nedanfor eller eit sjølvvalt aktuelt medieuttrykk.

Trykk på "Bruksrett" under presentasjonen for å sjå informasjon om opphavsrettar til bileta.

Memet ditt skal kaste lys over ein eller fleire problemstillingar knytte til mediemakt, representasjon i media og ytringsfridom og ytringsansvar, og det skal skape engasjement hos ei bestemd mottakargruppe.

Produktet skal kunne publiserast digitalt. Du må derfor ta medieetiske og juridiske omsyn.

Produktet skal lagrast i eit relevant digitalt format og leverast som filtillegg til det skriftlege svaret.

B: Kommenter eige medieprodukt

Fyll inn i skjemaet og eksporter teksten.

Oppgåve 2

Drøft denne fråsegna: Mediemakt blir i dag utøvd i like stor grad i sosiale medium som i redaksjonelle medium.

I argumentasjonen bør du vise til døme på maktutøving i sosiale medium og forklare korleis det memet du har laga, kan brukast i eit maktperspektiv.

I drøftinga skal du bruke mediefaglege omgrep og vise til mediefaglege teoriar.

Det er lov å ta med synspunkt eller sitat frå ulike kjelder. Hugs å legge ved ei liste over kjeldene du har brukt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i MIK 2