Hopp til innhald

Fagstoff

Eksamen og stress

Er du stressa før eksamen, eller slit du med eksamensangst? Vi gir deg råd.
Jente med raude tøysko sit i vindaugskarmen og les i eit hefte med gult omslag. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste er spente før eksamen. Det er ein ukjend situasjon, så det er heilt normalt å kjenne seg nervøs og stressa.

Positivt stress kan gjere deg skjerpa og få deg til å jobbe målretta. Men for enkelte kan eksamensangsten ta overhand og påverke prestasjonen under eksamen.

Press og stress

Snakk med nokon du stoler på dersom du opplever angst og uro når du tenkjer på eksamen.

Kva kan du sjølv gjere for å meistre press og stress? Tips til teknikkar du kan nytte deg av for å dempe spenningar og uro, kan du lese om i denne artikkelen.

Forventningar og tankemønster

Kva forventningar har du til deg sjølv? Urealistiske og altfor høge forventningar kan auke stressnivået før ein eksamen. Ver medviten om korleis du tenkjer.

Tankemønsteret ditt kan påverke motivasjonen og prestasjonen din. Ikkje skyv eksamen bort, men førebu deg mentalt på at du skal gjennomføre. Ta omsyn til det du er nervøs for. Prøv å sjå for deg at det vil gå bra, det kan bidra til å seinke stressnivået.

Oppgåvefokus

Ung, kvinneleg student sit på ein gul stol og studerer små notatark som ho har lagt på golvet. Foto.

Dersom du slit med eksamensnervar, kan det hjelpe å konsentrere deg om konkrete oppgåver i førebuingsdagane. Det kan gi deg ei oppleving av kontroll. Lag planar og få oversikt over det du skal gjere.

Tips til eksamensførebuingar

  • Få oversikt over pensum.

  • List opp kva tema du skal gå gjennom før eksamen og lag ein realistisk arbeidsplan.

  • Sjå gjennom oppgåvetekstar som har vorte gitt til skriftleg eksamen tidlegare. Har du kontroll på kva som kjenneteiknar eit godt eksamenssvar i faget?

  • Lag avtalar med medelevar dersom du ønskjer å samarbeide med andre under eksamensførebuingane.

  • Får hjelp av lærarar og medelevar til å gjere gode førebuingar.

Råd mot eksamensangst

Nervøs før eksamen? Då kan det hjelpe å sjå denne korte animasjonsvideoen frå ung.no på YouTube.

Råd på eksamensdagen

  • Les oppgåveteksten grundig, planlegg svaret ditt og lag ein enkel disposisjon.

  • Start med den oppgåva du kan best. Hugs at du skal svare på alle delar av oppgåvene.

  • Ta pausar. Et mat som gir deg god og langvarig energi.

  • Jobb med pusten. Pusteøvingar kan senke stressnivået i kroppen. Dersom du opplever angst og uro, kan du prøve å trekkje pusten djupt heilt ned i magen eit par gonger.

Kjelde

Ung.no. (2020, 29. april). Råd til deg som sliter med eksamensangst. Henta 14. februar 2022 frå https://www.ung.no/skolen/eksamen/1712_r%c3%a5d_til_deg_som_sliter_meid_eksamensangst.html

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2022

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i MIK 2