Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonal eksamen i MIK 2

Nasjonal eksamen i MIK 2 består av to dagar, éin førebuingsdag og éin eksamensdag. På førebuingsdagen skal de jobbe med tema og aktuelle medietekstar. På sjølve eksamensdagen skal de planlegge eit medieprodukt og skrive ein fagartikkel.
Illustrasjon av tre personar teikna som strekfigurar. Dei sit rundt eit bord og samarbeider. To av figurane har ei berbar datamaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Éin førebuingsdag og éin eksamensdag

Nasjonalgitt eksamen i MIK 2 består av to dagar. Den eine dagen er ein obligatorisk førebuingsdag der de kan samarbeide med andre og har rett til å få rettleiing av faglærar. Den andre dagen er sjølve eksamensdagen. Då skal de arbeide åleine i fem timar.

På førebuingsdagen får de utdelt tema og nokre aktuelle tekstar. Bruk dagen på å samle og organisere notat som de kan bruke som hjelp på den skriftlege eksamensdagen. Hugs at på eksamensdagen vil de ha avgrensa nettilgang.

På den skriftlege eksamensdagen får de to oppgåver. Den eine er ei praktisk planleggingsoppgåve som de leverer som ei produksjonsfil saman med refleksjon. Den andre oppgåva svarer de på i form av ein fagartikkel eller ei drøfting. Begge oppgåvene blir vekta like mykje.

Søk etter ressursar til eksamen i MIK 2 hos Utdanningsdirektoratet. (Søk på "SAM3049", passordet er "Eksamen".)

Informasjon på førebuingsdagen

Tema

På førebuingsdagen får de eit eller fleire tema, til dømes

  • praktisk medieproduksjon (er med i alle eksamenar)

  • samanhengen mellom mediebruk og mediepåverknad

  • mediemakt

  • medieutvikling frå 2000

Dagsorden

De vil dessutan bli bedne om å setje dykk inn i saker på dagsordenen.

Tekstar som aktualiserer tema

De får òg utdelt medietekstar de skal setje dykk inn i, og desse tekstane aktualiserer temaa de har fått. Når de les tekstane, må de setje dykk inn i dette:

  • Kva er målgruppe, formål og funksjon for tekstane?

  • Kva kjenneteiknar form og innhald til medietekstane?

  • Kva sjangrar tilhøyrer medietekstane?

  • Kva medietypar er tekstane sette saman av, og kva sentrale verkemiddel er brukte?

  • Kva kjelder er brukte?

Mål for førebuingsdagen

Målet for arbeidet på førebuingsdagen er å få oversikt over dei gitte temaa og sjå samanhengen mellom dei. Ved hjelp av vedlegga og saker frå dagsorden skal de avgrense temaområda til nokre relevante mediesjangrar og problemstillingar.

Tips til oppgåve 1: planlegging av medieproduksjon

Kva kan de gjere i forkant?

Tekst- og kommunikasjonskompetanse: Kva sjangrar og kanalar ser de for dykk det er aktuelt å produsere noko for, i samanheng med dei mediefaglege temaa som er gitt? Har de klart for dykk kva retorikk og argumentasjon er? Kan de strategiar for å rette bodskap mot spesifikke målgrupper? Har de oversikt over verkemiddel og forteljeteknikkar?

Produksjonskompetanse: Kva sjangrar er de fortrulege med, kva medietypar handterer de godt? Kva kjenneteiknar planlegging av eit medieprodukt, kva er likt og ulikt for ulike typar sjangrar?

Tips til førebuingar av oppgåve 2: skriftleg fagtekst

Kva kan de gjere i forkant? Korleis kan de førebu dykk til ein skriftleg fagtekst?

  • Formuler definisjonar av omgrep.

  • Lag kjeldesamlingar.

  • Trekk ut sitat frå kjende og nye kjelder.

  • Sørg for å ha oversikt over skrivehjelpressursar.

  • Lag kjeldeliste for vedlegg og kjelder som de allereie no veit at de skal bruke på eksamen.

De kan òg samarbeide om å lage oversikter og tankekart over fagstoffet. Ofte vil læraren hjelpe dykk med å organisere ei arbeidsdeling og sørge for å dele hjelpemiddel de kan bruke til eksamen.

Hugs å bruke strategiar for nettsøk og kjeldekritikk i arbeidet.

Foto av hender som skriv på eit tastatur.

På eksamensdagen

Eksamensoppgåvene du får utdelt på eksamensdagen, er delt i to delar: ein teoretisk del og ein praktisk-estetisk del. Les oppgåveteksten nøye og få oversikt over sentrale fagomgrep. Det er berre det oppgåva spør etter, du skal ta med i svaret ditt. Alt anna legg du til side.

Hugs: Planlegg tida du skal bruke på kvar av dei to oppgåvene. For begge oppgåvene gjeld det å vere medvite om kva språk og kjelder du bruker.

Kjeldebruk

Det er lov å ta med synspunkt eller sitat frå ulike kjelder, men hugs å markere dette tydeleg. Viss ikkje kan du bli skylda for plagiat. Hugs å føre kjelder for medieproduksjonen òg.

Eksamensoppgåvene

  1. I den første oppgåva får du vist fram kor god du er til å planlegge eit medieprodukt og reflektere over det.

  2. I den andre oppgåva skal du vise kunnskap om faglege emne, evne til tekstanalyse og drøfting.

Korleis jobbe med oppgåve 1?

Oppgåve 1: Løys oppdraget og grunngi vala dine

  • Planlegg eit medieprodukt og lever saman med ein refleksjon over arbeidet ditt og produktet.

  • Du vel sjølv kva slags medieprodukt og medieforteljing du vil lage.

  • Ha klart for deg målgruppa, sjanger og kanal.

  • Korleis engasjerer du andre inn i temaet?

  • Grunngi formålet med bodskapen, sett i lys av målgruppa.

  • Vil du informere om faktiske forhold, eller vil du skape debatt?

  • Kva verkemiddel og forteljegrep bruker du?

  • Grunngi vala.

Korleis jobbe med oppgåve 2?

Oppgåve 2: Skriv ein fagartikkel

Formålet med oppgåve 2 er at du skal vise evne til refleksjon. Du kan bli beden om å drøfte eller greie ut om problemstillingar med utgangspunkt i ulike medietekstar og kjennskapen du har til mediefaglege teoriar og omgrep.

Å drøfte eit tema

Nøkkelen til eit godt svar er evna til sjølvstendig argumentasjon basert på den kunnskapen du har om temaet.

Gjer greie for ulike synspunkt og vurder desse opp mot kvarandre. Argumenta du bruker, bør vere saklege og haldbare. Vis gjerne til undersøkingar eller fagartiklar som støttar opp under ulike synspunkt.

Om du kan belyse temaet med dagsaktuelle døme eller eigne erfaringar, kan det løfte svaret ditt.

Å greie ut om eit tema

Når du blir beden om å greie ut eller gjere greie for eit tema, skal du skrive ein fagartikkel. I ein fagartikkel skal du fordjupe deg i eit emne og sjå dette i lys av ulike medieteoriar. Skriv objektivt og sakleg, og vis gjerne til aktuelle døme som illustrerer det du skriv om.

Disposisjon

Lag ein enkel disposisjon som viser korleis du vil komponere svaret ditt. Ta fram oversikter og tankekart frå førebuingsdagen, og vel ut det som er relevant ut frå ordlyden i oppgåva.

Ein drøftande tekst inneheld tre delar:

  1. I innleiingsdelen definerer du omgrepa i oppgåveteksten og presenterer og avgrensar problemstillinga du vil drøfte.
  2. I drøftingsdelen presenterer du medietekstane og teoriar du kan bruke for å vurdere dei. Så underbygger og vurderer du ulike argument knytte til problemstillinga du har formulert.
  3. Avslutningsdelen skal bestå anten av ei oppsummering eller ein konklusjon. I ei drøftingsoppgåve er det mest vanleg å konkludere.

Ein fagartikkel bygger du opp slik det er beskrive i denne rettleiinga i norskfaget på NDLA:

Oppgåveside: Planlegg innhald og struktur i ein fagartikkel

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 30.03.2022

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i MIK 2