Hopp til innhald
Øving

Øving til nasjonalgitt eksamen – førebuingsdag

Forslaget tek utgangspunkt i Udirs eksempel på den skriftlige eksamensoppgåva i faget medie- og informasjonskunnskap 2, som vart publisert hausten 2022. Eleven skal lage ein praktisk produksjon, kommentere denne og reflektere over ei mediefagleg problemstilling i lys av mediefaglege teoriar.

Førebuingsdel før prøveeksamen

Dagen før prøveeksamen/heildagsprøven bør elevane få kjennskap til tema, kompetansemål og aktuelle kjelder.

Tema

Tema for dette oppgåvesettet er mediemakt, representasjon i media, ytringsfridom og ytringsansvar.

Nokre aktuelle problemstillingar:

  • På kva måte kan mediemakt brukast og misbrukast?

  • Tek influensarar ytringsansvar i sosiale medium?

  • Bidreg media til å oppretthalde eller avsløre stereotypiar og fordommar mot minoritetar?

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • drøfte forholdet mellom ytringsfridom og ytringsansvar

  • drøfte kva makt media har

  • analysere forskjellige medieforteljingar og reflektere over samanhengar mellom form og innhald

  • drøfte korleis medieforteljingar kan skape respekt og forståing mellom folk og kulturar, men også stereotypiar og fordommar

  • bruke faglege teoriar i arbeid med faglege spørsmål, emne og problemstillingar

  • planleggje, utvikle og presentere eigne medieforteljingar på nye måtar

  • finne, vurdere og bruke kjelder

Aktuelle emne på NDLA som du bør setje deg inn i

Du finn fagartiklar som belyser desse problemstillingane i desse emna på NDLA:

Rettleiing i praktisk produksjon

I førebuingstida kan det vere lurt å setje seg inn i desse rettleiingsressursane:

Aktuelle medieoppslag

I tillegg kan det vere lurt å setje seg inn i nokre aktuelle medieforteljingar/medieuttrykk som formidlar sentrale sider ved temaet/problemstillingane.

Her er nokre døme:

Relatert innhald