Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Nyheitsforteljingar om oss og "dei andre"

Fagartikkel

Verda sett heimanfrå

Medieforteljingar kan opne auga våre for andre kulturar og skape respekt og toleranse. Men media kan også bidra til å forsterke stereotypiar og fordommar. Forsking viser at det berre er unntaksvis at grensene mellom "oss" og "dei" blir brotne ned til fordel for eit meir inkluderande "vi".

"Vi" og "dei andre"

Som sosiale individ definer vi vår eigen identitet i samspel med den gruppa vi tilhøyrer. Saman konstruerer vi forteljingar som beskriv eigenskapane og historia til gruppa vår. Det styrkjer identiteten i gruppa. Men vi trekkjer også opp grenselinjer mot dei som ikkje tilhøyrer same gruppe som oss, anten det kjem av språk, kultur, etnisitet eller nasjonalitet. "Dei andre" er dei som ikkje er "oss".

Norske medium bidreg til å både skape, forsterke og halde oppe førestillingar om kven "vi" er som nordmenn, og kven "dei andre" er. Analysar av medieforteljingar kan avsløre djuptliggjande strukturar i måten nordmenn flest oppfattar røyndommen på. Det kan til dømes handle om menneskesyn, syn på naturen eller oppfatningar av kva som er rett og gale.

Også reklameforteljingar speler på forskjellar mellom "oss" og "dei andre". Kva seier denne filmen om det å være norsk, og om vårt syn på naturen? Video: Lerum / Avgrensa bruksrett

Fordommar mot "dei andre"

Analysar av medieforteljingar kan også avsløre dei fordommane vi har mot "dei andre". Fordommar byggjer gjerne på førestillingar om andre sosiale grupper og nasjonalitetar, som tek lite omsyn til individuelle forskjellar. Vi veit jo at nordmenn er svært ulike individ, men likevel tillegg vi både svenskar, somaliarar og japanarar kollektive eigenskapar.

Dei som er i fleirtal i eit samfunn, har makt til å definere kva som er "normalt". Mange fordommar tek utgangspunkt i ei førestilling om utlendingar og nasjonale minoritetar som avvikarar, eksotiske eller "unormale" rett og slett fordi dei ikkje liknar på nordmenn flest.

Verda sett med norske auge

I forskingsprosjektet "Norge fra halvkoloni til humanitær stormakt – hundre år med de andre i norsk presse" (2003–2008) undersøkte Elisabeth Eide og Anne Hege Simonsen korleis norske aviser i perioden 1902–2002 framstilte andre delar av verda.

Medieforteljingane speglar normer, verdiar og haldningar i det norske samfunnet på den tida dei vart skrivne. I 1936 var det til dømes vanleg å omtale befolkningane i Afrika, Asia og Latin-Amerika som "innfødde". I omgrepet "innfødd" låg det ein ymt om at dette var primitive menneske, ulike danna europearar. Mørkhuda kunne også på 1930-talet bli omtalte som "apar".

Ein slik omtale ville vekt sterke reaksjonar i vår tid. Men dagens medieforteljingar trekkjer framleis opp grensa mellom "oss" og "dei andre":

Mediene er våre små lommelykter inn i det fremmede, uansett om de ukjente befinner seg midt i blant oss eller langt borte. I mediene møter tradisjonelle forestillinger også kritikk og opposisjon, men bare unntaksvis ser vi at grensene mellom "oss" og "dem" brytes ned til fordel for et mer inkluderende "vi". (Utrop, 2004)

Medieforteljingar tillegg individ kollektive eigenskapar

Medieforteljingar viskar ofte ut grensa mellom individ, kultur, religion og stat. Enkeltpersonar blir ofte framstilte som representantar for ei gruppe og blir tillagd .

Norske jenter som ber hijab, opplever til dømes å bli framstilte anten som undertrykte offer for ein kvinnefiendtleg religion, eller som potensielle IS-terroristar.

I fiksjonsforteljingar blir karakterar ofte tillagde eigenskapar tufta på stereotype førestillingar om befolkningsgrupper i bestemde statar eller verdsdelar. Korleis har Netflix-serien Squid Game påverka ditt syn på asiatar?

Krigspropaganda speler medvite på slike stereotypiar og fordommar. Til dømes vart japanarar framstilte som slue, inhumane og blodtørstige i amerikansk krigspropaganda under andre verdskrigen.

Sjå også propagandafilmen Commando Duck på Vimeo. I denne teiknefilmen frå 1944 møter vi meinig Donald Duck i kamp mot japanske soldatar.

Medieforteljingar som byggjer på mytar om asiatar

Mange nettaviser fortel historier om japanske og kinesiske turistar som strøymer til Nordkalotten for å ha nordlys-sex. Nordlyset skal bidra til at dei får fine og lykkelege barn.

Det viser seg at turistkontoret i Tokyo aldri har høyrt om denne forma for sexturisme. Forskar Stein R. Mathisen ved Universitetet i Tromsø stadfestar dessutan at slike mytiske førestillingar ikkje finst i japansk og kinesisk kultur. Det medieforteljingane formidlar, er derimot nordiske mytar og fordommar mot asiatar.

Når "dei andre" kjem hit

Linda Marie Dyrlid gjennomførte i 2018 ein analyse av medieforteljingar i norske aviser om polakkar i Noreg i perioden 2008–2011, basert på systematiske søk i Atekst, Noregs største digitale nyheitsarkiv.

Analysen gjekk ut på å identifisere ulike nyheitsrammer, altså beskrive korleis ein journalist legg vekt på visse trekk ved det som blir oppfatta som røyndommen, når bodskapen skal kommuniserast til publikum.

Media pakkar inn narrativ om "dei framande" i Noreg i nyheitsrammer som er baserte på sosiale konstruksjonar av røyndommen. Desse rammene bidreg både til å stadfeste og forme det synet nordmenn har på polakkar.

"Utnyttingsramma"

Medieforteljingane skaper eit bilete der det å vere polsk arbeidar blir knytt til det å ha låg lønn og dårlege buforhold.

Døme: artikkelen "Polakker utnyttes" i Dagsavisen

"Arbeidsramma"

Mange av medieforteljingane handlar om "den hardtarbeidande polakken" – arbeidstakarar med stor arbeidskapasitet, god arbeidsmoral og vilje til hardt fysisk arbeid.

Døme: artikkelen "Polakkene som bygger Norge" i Adresseavisen

"Innvandring og velferdsramma"

Desse forteljingane tek for seg kvifor polakkar kjem til Noreg for å arbeide, kor mange som kjem, og kva konsekvensar det får både for kvar enkelt familie, for norske arbeidstakarar og for staten Noreg. Når journalistane til dømes skriv at norske velferdsmidlar "strøymer" ut av Noreg, er det med på å forsterke eit bilete av polske framandarbeidarar som ein trussel mot den norske velferdsstaten.

Døme: artikkelen "Studerer i Polen – mistet barnetrygd" i Telemarksavisa

Sjå dette klippet frå NRK-serien 17 frå 2018. Serien handlar om den norsk-somaliske guten Abdi, som vi følgjer i 17 dagar gjennom 17 episodar. Korleis blir norsk-somaliarar framstilte i denne serien? Er det slik det er, eller er forteljinga prega av stereotypiar og fordommar?

Seks vanlege medieforteljingar om "dei andre"

Elisabeth Eide (2011) deler norske medieforteljingar om minoritetar inn i seks kategoriar:

  • "vi" (majoriteten) som trussel mot "dei andre"

  • "dei andre" som trussel mot "oss" (majoriteten)

  • "dei andre" som problem i "eigne rekkjer"

  • "det fargerike fellesskapet"

  • "dei andre" som (individuelle) ressurspersonar

  • eit større "vi", normalisering

Kjelder

Dyrlid, L.M. (2018). "Polakken kan": Narrativer om polske migranters arbeid og tilhørighet i Norge. Norsk antropologisk tidsskrift, 29(3–4), 124–145. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2898-2018-03-04-03

Eide, E. & Simonsen, A. H. (2008). Verden skapes hjemmefra: Pressedekningen av den ikke-vestlige verden 1902–2002. Unipub. https://docplayer.me/19037193-Verden-skapes-hjemmefra-pressedekningen-av-den-ikke-vestlige-verden-1902-2002-elisabeth-eide-og-anne-hege-simonsen-unipub-2008-utdrag-2008-02-20.html

Eide, E. (2011, 23. november). Hvordan speiler mediene mangfold? [Paperpresentasjon]. Kartellkonferansen, Gol. https://slideplayer.no/slide/1956768

Mathisen, S.R. (2017). Mellom borealisme og orientalisme: Fortellinger og forestillinger om "de andre" i nordlysturismen. Tidsskrift for kulturforskning, 16(1), 55–70. https://www.academia.edu/32822681/Mellom_borealisme_og_orientalisme_Fortellinger_og_forestillinger_om_de_andre_i_nordlysturismen

Utrop. (2004, 3. mai): Å se verden fra et annet sted. https://www.utrop.no/plenum/i-fokus/6760/

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Verda sett med norske briller

Utforsk forteljarposisjonar og nyheitsrammer i ti norske nyheitsforteljingar om ei stor og alvorleg hending i utlandet.

Oppgåver og aktivitetar
Diskursanalyse av serien 17

Bidreg NRK3s ungdomsserie 17 til respekt og forståing, eller fremjar han stereotypiar og fordommar?

CC BY-SA 4.0Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2022