Verda sett med norske briller
Utforskingsoppdrag
Jobb saman i grupper. Peik ut ein gruppeleiar og ein referent.
I denne oppgåva skal de utforske og analysere ti norske nyheitsforteljingar om ei stor og alvorleg hending i utlandet. De vel sjølv kva for hending.
De skal undersøkje
forteljarposisjonane i nyheitsforteljingane
korleis sakene er vinkla
kva slags nyheitsrammer sakene er sette inn i
om sakene er ein del av ein diskurs som går føre seg i norsk offentlegheit
i kva grad forteljingane viser respekt og forståing for menneske i andre samfunn og kulturar
i kva grad forteljingane avslører fordommar mot menneske i andre samfunn og kulturar
i kva grad framstillinga til journalisten er ei spegling av nordmenn sitt sjølvbilete
Skriv ein grupperapport
Ta utgangspunkt i referatet frå gruppearbeidet. Samskriv ein rapport der de gjer greie for det de har funne ut, og analyserer funna i lys av mediefaglege teoriar.
Bruk til dømes Google Docs eller Word Online som samskrivingsverktøy.