Semiotikk: syntagme og paradigme
Sjå på faksimilen av annonsen øvst på sida, og gjer oppgåvene under.
Kva tenker du er formålet med annonsen?
Korleis tolkar du annonsen?
Skaper han nokon assosiasjonar hos deg?
Viss du svarte "ja" på førre spørsmål: Kva er det med tekst og bilete som skaper desse assosiasjonane?
Les om reaksjonane som kom etter at annonsen kom på trykk i VG i 2017 i artikkelen i Nettavisen.
Kva for nokre ulike tolkingar av annonsen kjem fram i denne artikkelen?
Kva tolkingar liknar mest på di eiga tolking?
Kan du bruke omgrepa denotasjon og konnotasjon til å kommentere det professor Bendik Meling Samuelsen seier i artikkelutdraget under?
Han [Samuelsen] mener at denne kampanjen illustrerer at selv om avsender har gode intensjoner så er det mottaker som avgjør hvilket budskap som oppfattes.
[....] en mottaker må ha kjennskap til disse virkemidlene fra før av, de må kjenne igjen de visuelle kodene, og ha den historiske referanserammen. Den yngre generasjonen uten disse vil mest sannsynlig ikke dra den samme slutningen.
(Henriksen, 2017)
Gjer ein semiotisk analyse av annonsen ved å svare på spørsmåla under.
På tavla eller på ark: Lag tre kolonnar med overskriftene "teikn", "denotasjon" og "konnotasjon".
Kva for nokre ulike semiotiske ressursar eller teikn består annonsen av? Lag ei liste over alt du meiner kan vere eit meiningsberande element i kolonnen med overskrifta "teikn".
Samanlikn gjerne med andre i klassen, og lag ei felles liste.
Noter denotasjonar for kvart punkt på lista under kolonnen med same namn. Dette er den primære betydninga av teiknet.
Noter konnotasjonar som du meiner at dei enkelte teikna kan ha, under kolonnen med "konnotasjonar" som overskrift.
Vi kan sjå på annonsen som eit syntagme, det vil seie ei rekke av teikn som høyrer saman. Korleis påverkar dei ulike teikna i syntagmet betydninga til kvarandre?
I artikkelen stiller journalisten dette spørsmålet: "Blir kampanjen verre av at Nammo er en våpenprodusent?" Kva meiner du om dette? Grunngi synspunktet ditt.
Paradigme er teikn som kan erstatte kvarandre i eit syntagme. Kva semiotiske ressursar/teikn kunne dei som har laga reklamen, erstatta for å dempe dei negative konnotasjonane?
Henriksen, A. B. (2017, 27. februar). – Avskyelig at norske idrettsutøvere brukes som reklameplakater for en våpenbedrift. Nettavisen. https://www.nettavisen.no/na24/propaganda/avskyelig-at-norske-idrettsutovere-brukes-som-reklameplakater-for-en-vapenbedrift/s/12-95-3423317542
Relatert innhald
Semiotikk kan vere ein nyttig reiskap når du skal utforske og analysere mange ulike kulturuttrykk.