Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet tekstteoriar og analysemodellar
Det utvida tekstomgrepet omfattar både skriftlege, visuelle og auditive tekstar. Vi kan nærme oss ein tekst på ulike måtar, og vi kan analysere form og innhald med ulike modellar. Her kan du sjekke kva du har lært om dette emnet.
Gå gjennom desse punkta og få oversikt:
Eg veit kva ein tekst er, og kva det inneber å bruke eit utvida tekstomgrep.
Eg kjenner til nokre grunnleggjande tekstteoriar, og eg forstår samanhengen mellom teori og analysemetodar.
Eg kjenner til nokre vanlege analysemodellar og kan bruke desse på ulike medietekstar.
Eg forstår korleis intertekstualitet kan bidra til å gi ein tekst utvida betydning.
Eg kjenner til korleis menneske samhandlar gjennom tekstar.
Eg veit korleis eg går fram når eg blir beden om å samanlikne tekstar.
allusjonar
det utvida tekstomgrepet
forteljing
intertekstualitet
modalitet
multimodal tekst
narrativ
narrativ diskurs
resepsjonsforsking
retorikk
semiotikk
sjanger