Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Selfiar og tekstkultur

Korleis har sjølvportrett endra seg med teknologien, og kva funksjonar har selfiane i dagens tekstkultur?
Ei jente med raudt hår, hårband og korterma genser tek selfie mot ein solvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstkulturar er store og små fellesskapar som samhandlar med tekstar gjennom ulike tekstpraksisar. Utvikling i teknologi og samfunn kan føre til at tekstkulturar endrar seg, og dette påverkar samfunnet igjen. I denne oppgåva skal du reflektere over korleis sjølvportrett som tekstpraksis har utvikla seg med tida, og korleis dette påverkar oss.

Del 1. Spegel, sjølvportrett, selfie

Sjølvportrettet, eller selfien som det blir kalla i dag når vi tek bilete av oss sjølve, er ein type tekst som har vorte ein del av kvardagen.

Sjå NRK-programmet "Nasjonalgalleriet".

Gjer oppgåvene for å finne ut kva programmet seier om kva vi vil med selfiane, og korleis dei påverkar oss, både som individ og som samfunn. Noter gjerne svara undervegs, og bruk pauseknappen aktivt. Spørsmåla kjem i kronologisk rekkjefølgje (spørsmåla kjem i same rekkjefølgje som dei blir tekne opp i programmet). Jobb åleine eller i par.

  1. Psykiater Finn Skårderud er oppteken av portretthistoria. Kva seier han om at spegelen gjorde noko med korleis mennesket ser på seg sjølv?

  2. Reflekter: Korleis hadde det påverka mennesket om det ikkje fanst speglar eller kamera?

  3. Kva slags tankar og kjensler vekkjer sjølvportretta til Iiu Susiraja hos deg?

  4. Susiraja seier sjølv at ho trur ho fekk så mykje merksemd med bileta sine fordi ho framstilte seg sjølv som open og sårbar i offentlegheita. Kva er det med bileta hennar som gjer at ho blir oppfatta som open og sårbar?

  5. Susiraja seier òg at det var skremmande for ho å bli fotografert, og at ho ved å ta sjølvportrett tok kontroll over denne frykta. Kvifor trur du ho opplevde det som skremmande å bli teken bilete av?

  6. Kva er det som skil bileta hennar frå korleis kvinner ofte blir framstilte i foto og på film?

  7. "Det er betre å latterleggjere seg sjølv i media før andre gjer det. Då beheld ein makta. " Kva tenkjer du om dette sitatet frå Susiraja?

  8. Susiraja er litt redd for reaksjonane ho får viss ho slankar seg. Kva slags reaksjonar trur du ho er redd for å få?

  9. Selfie vart årets nyord i 2013. Kva utviklingar i teknologien trur du gjer at selfiar vart ein vanleg praksis rundt den tida?

  10. Kva seier Finn Skårderud om selfien og kva han seier om mennesket i dag?

  11. Kva tenkjer du når du ser Sarah Elizabeth Meyler sine filmsnuttar av klubbgjengarar som trur dei blir tekne bilete av?

  12. Kva seier Finn Skårderud til slutt om korleis mobilkameraet forandrar kulturen vår?

  13. Kva tenkjer du om omgrepet "presentasjonsangst"?

Del 2. Utforsk selfien som tekstpraksis

  1. Les desse artiklane:

  2. Lag ein tekst i eit sjølvvalt format der du utforskar selfien som tekstpraksis ved å reflektere rundt desse tre spørsmåla:

    1. Kva funksjon har denne typen tekst hatt gjennom tidene?

    2. Korleis har utvikling i samfunn og teknologi påverka korleis vi samhandlar rundt sjølvportretta?

    3. Kva har selfien å seie i kvardagen din?

    Bruk kunnskap og omgrep frå artiklane og dine eigne refleksjonar og døme frå oppgåvene og NRK-programmet "Nasjonalgalleriet".

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2021

Læringsressursar

Tekstteoriar og analysemodellar