Hopp til innhald

Fagstoff

Den retoriske situasjonen

Når vi skal overtyde, er både innhaldet i teksten, forma og korleis han blir motteken, avhengig av den retoriske situasjonen. Kva består den retoriske situasjonen av, og kvifor er han så avgjerande?
Glad familie som sit ved eit middagsbord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er laurdag kveld. Du vil vere ute til seint, men folka heime delar ikkje synet ditt på kva "seint" betyr. Den avtalte innetida er altfor streng etter ditt syn. Det er sannsynlegvis ein kjend situasjon – og definitivt ein retorisk situasjon.

Den retoriske situasjonen

Den retoriske situasjonen består av tre delar:

  1. det påtrengjande problemet

  2. det retoriske publikummet

  3. dei tvingande omstenda

Opphavet til omgrepet

Sjølv om retorikken som vitskap blei oppdaga og formulert for 2500 år sidan i antikkens Hellas, blei ikkje omgrepet "den retoriske situasjonen" introdusert før i 1968. Då gav den amerikanske retorikkforskaren Loyd F. Bitzer ut artikkelen "The Rhetorical Situation".

Den retoriske situasjonen er enkelt sagt ei skildring av

  1. det som avgjer om situasjonen er retorisk eller ikkje

  2. det som påverkar kva avsendar kan eller bør seie og gjere

Teorien hans har hatt mykje å seie for moderne retorikk.

Påtrengjande problem

Du vil vere ute lengre enn til avtalt innetid, altså har du eit påtrengjande problem. Problemet kan kanskje løysast med ord dersom du vel dei rette orda, legg dei fram på den rette måten i den rette augeblinken – for dei rette folka. Derfor kan vi òg kalle det påtrengjande problemet for eit retorisk problem.

To jenter i regnvêr. Den eine er kledd i ein tynn kjole og held ei jakke over seg som skjold mot regnet. Den andre har olabukse og genser og bøyer seg mot regnet. Foto.

Det retoriske problemet er kva problem som helst som kan løysast med retorikk – som oftast i form av ord, men også bilete og annan visuell kommunikasjon kan overtyde. Retoriske problem kjem i mange former: ein trussel, eit hinder, eit ønske, ei forventning, eit behov eller ein mangel.

Problem som ikkje kan løysast ved å kommunisere og argumentere, er ikkje retoriske problem. Døme kan vere straumbrot, dårleg vêr, ein brekt skistav, eit punktert sykkeldekk, sjukdom eller dødsfall. Desse er praktiske problem, og dei har ingenting med retorikk å gjere.

Viss vi ikkje har eit retorisk problem, oppstår det heller ingen retorisk situasjon. Vi kan derfor seie at det påtrengjande problemet skaper den retoriske situasjonen.

Retorisk publikum

Ein vaksen mann lener seg avslappa mot eit bord og snakkar med ein ung gut.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skal du løyse problemet, må du argumentere – du må bruke retorikk. I den retoriske situasjonen som oppstår, er du avsendar, mens foreldra dine er mottakarane. Det er dei du må overtyde viss du vil ha løyve til å komme heim seinare. På fagspråket er foreldra det retoriske publikummet ditt.

Eit retorisk publikum er nemleg eitt eller fleire menneske som det er mogleg å påverke med retorikk, og som har moglegheit til å løyse det påtrengjande problemet. Det er mogleg å påverke foreldre med ord og argument – tru det eller ei – og det er dei som har makt til å løyse problemet ditt, ingen andre.

Venen din som er til stades mens du diskuterer innetid med dei vaksne, er publikum i situasjonen. Men det er berre foreldra dine som kan løyse problemet ditt, og som derfor er det retoriske publikummet.

Dersom det ikkje er nokon å kommunisere med eller prøve å overtyde, blir det sjølvsagt ingen retorisk situasjon. Derfor må ein retorisk situasjon ha eit retorisk publikum.

Tvingande omstende

Viss du vil overtyde folka dine om å få kome heim seinare, er det sjølvsagt viktig med gode argument og effektiv retorikk. Men du må òg ta omsyn til omstenda. Korleis er forholdet mellom deg og foreldra dine? Har du "masa" om det same før? Kjenner du og foreldra dine kvarandre sine argument? Kva er den eigentlege grunnen til at du vil kome heim seinare? Veit foreldra den eigentlege grunnen? Og korleis påverkar vennen din kva du kan seie, og kva du trur foreldra kan seie?

Dei tvingande omstenda i ein retorisk situasjon er alt det som på ein eller annan måte påverkar kva du kan seie, og korleis, kvar og når du kan seie det. Omstenda er altså det som ligg i situasjonen eller kulturen deltakarane er ein del av. Det kan til dømes vere personar, relasjonar, hendingar, ting og ord som allereie er sagt. Men også tid og stad kan påverke kva du kan og bør seie, og korleis du kan og bør seie det.

Prøver du å oppnå seinare innetid idet du er på veg ut, risikerer du ein krangel, og kanskje må du kome heim endå tidlegare. Ringjer du heim ein time før avtalt innetid, risikerer du å gjere foreldra dine mistenksame og usikre. Tek du det opp på ein søndag, i muntre omstende rundt frukostbordet etter at du kom heim til avtalt tid kvelden før, aukar kanskje sjansane for å nå fram med argumentasjonen.

Alle retoriske ytringar eksisterer i ein kontekst. Derfor er det alltid tvingande omstende. Somme gonger er dei mange, somme gonger få, somme gonger er dei klinkande klare, andre gonger veldig uklare og vanskelege å sjå.

Kairos

Eit retorisk omgrep du kanskje har høyrt om, er kairos. I dag er det mange som bruker kairos og den retoriske situasjonen om kvarandre. Dei har mykje til felles, men betyr ikkje heilt det same likevel.

Portrett av Greta Thunberg som held ein plaket med "Skulestreik for klimaet" framfor den svenske Riksdagen. Foto.

Kairos – eit praktisk omgrep

I den greske antikken var retorikk eit praktisk fag der dei lærte seg å bli gode talarar. Og den gong som no burde ein god talar vite når hen skulle ta ordet, og ikkje minst kva hen skulle seie i den rette augeblinken. Viss ikkje risikerte talaren å ikkje nå fram i det heile – sjølv om argument og ordval var aldri så gode.

Omgrepet eignar seg kanskje betre som eit praktisk råd til retorikarar enn til retorisk analyse. Vil du til dømes overtyde foreldra dine om å få kome heim seinare, men gruer deg til å spørje, må du kanskje gripe sjansen når han byr seg – eller skape han sjølv ved å tilby deg å lage middag og ta oppvasken. (Men pass på – smisking blir fort avslørt!)

Så kva er forskjellen mellom kairos og den retoriske situasjonen?

Mens den retoriske situasjonen beskriv alle relevante sider ved den retoriske teksten og konteksten han er ein del av, bruker vi kairosbegrepet først og fremst om å gripe augeblinken når situasjonen tillèt det. Avsendaren kan likevel ikkje utnytte den rette augeblinken for å ytre den retoriske teksten sin før det faktisk har oppstått ein retorisk situasjon.

Vi kan òg seie at formålet med omgrepa er ulikt. Kairos er eit nyttig omgrep som råd til talaren eller retorikaren, men er ikkje utvikla for å studere tekst i kontekst. Den retoriske situasjonen er derimot eit meir omfattande retorisk fagomgrep som er utvikla for nettopp å studere tekst i kontekst. Omgrepet eignar seg derfor godt i retorisk analyse.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2021

Læringsressursar

Tekstteoriar og analysemodellar