Gjer greie for og vel forskingsmetode
Forklar forskjellen på ei kvantitativ og ei kvalitativ undersøking.
Kva er fordelane og ulempene ved å bruke kvantitative metodar?
Kva er fordelane og ulempene ved å bruke kvalitative metodar?
I tenesta Verktøykassa her på ndla.no finn du mange gode tips til metodar du kan bruke når du vil utforske eit fenomen. Her er lenker til fire fagartiklar i Verktøykassa som handlar om ulike forskingsmetodar:
Lag ein digital presentasjon av desse metodane der du kort skisserer
kva metoden gå ut på
kva styrkar og svakheiter metoden har har
etiske problemstillingar knytte til bruk av metoden
døme på situasjonar der det kan vere nyttig å bruke metoden
Det er problemstillinga som avgjer kva framgangsmåte du bør velje. Framgangsmåten må nemleg eigne seg for å klargjere spørsmålet du undersøker.
Her er fire moglege problemstillingar:
Er det vanleg blant unge mellom 16 og 18 år å dele nakenbilete?
Kva nyheitsrammer bruker vanlegvis norske journalistar når dei omtaler unge rullestolbrukarar?
Kvifor blir jenter som gamar utsette for mobbing og trakassering?
Oppfører unge seg på ein annan måte når dei ser film på kino enn når dei ser film heime saman med ein venn?
Vel metodar som passar til å klargjere kvar av desse fire problemstillingane. Grunngi vala du gjer.
Relatert innhald
Ei innføring i ulike metodar du kan bruke til å utforske eit fenomen: observasjon, spørjeundersøking, kjeldestudium, feltarbeid og statistisk analyse.