Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Elevforsking på media

Rettleiing

Slik lagar du ei god problemstilling

Ein god forskningsprosess startar med ei konkret, presis og spissa problemstilling. Men problemstillinga må også vere forskbar, det vil seie at ho må kunne undersøkjast i praksis.

Vel éi problemstilling

Hovudregelen er at de skal ha berre éi problemstilling, og at problemstillinga bør vere mest mogleg avgrensa, presis, tydeleg og spissa. Kor sterkt de kan avgrense problemstillinga, avheng mellom anna av kor mykje de veit om temaet frå før, og av metoden de vil bruke. Vi skal forklare dette nærmare ved å sjå på nokre eksempel på problemstillingar:

  • Har gutar og jenter forskjellige skolematvanar?
  • Korleis tenkjer skoleungdommar når dei skal gjere utdanningsval?
  • Korleis er det å vere ung asylsøkjar eller flyktning i Saltdal?
  • Kvifor har ikkje bymålet spreidd seg til bygda Vennesla?

Einingar og variablar

Men aller først skal vi seie noko meir om korleis ei problemstilling kan byggjast opp. Den eller dei vi vil finne noko ut om, kallar vi gjerne einingane. Einingane er ofte enkeltpersonar, men kan også vere grupper, organisasjonar, kommunar, nasjonar etc. I problemstillingane om skolematvanar og utdanningsval for eksempel er einingane skoleungdommar. Dei utvalde eigenskapane ved einingane som vi undersøkjer, kallar vi variablar. I undersøkinga om skolematvanar er to viktige variablar kjønn og skolematvanar.

Korleis-spørsmål

Problemstillinga "Korleis tenkjer skoleungdommar når dei skal gjere utdanningsval?" konkretiserer i mindre grad kva for eigenskapar det er forskarane skal undersøkje. Det same gjeld problemstillinga om asylsøkjarar og flyktningar i Saltdal. Vi ser at begge problemstillingane er formulerte som "korleis-spørsmål".

Problemstillingar som tek opp korleis nokon tenkjer, føler eller opplever, kan vere spennande å utforske. Her blir det likevel ofte vanskeleg å vite på førehand kva som er dei viktige eigenskapane som skal undersøkjast. I staden blir det å identifisere og gjere greie for korleis personane opplever verda, til den viktigaste delen av sjølve undersøkinga.

Ved å snakke med flyktningane om kva dei bruker tida på, kan forskarane seie mykje om korleis dei har det. Ved å snakke med skoleungdom kan dei kanskje finne ut at sosial bakgrunn og forventningar frå foreldre og venner ser ut til å vere viktige for kva slags yrke dei vel.

I staden for at vi på førehand definerer kva som er eigenskapane vi vil undersøkje og kva slags samanhengar vi vil sjå nærmare på, kan vi altså la dei personane vi undersøkjer, styre dette. Slike nokså opne problemstillingar passar fint dersom vi vil utforske eit tema som vi veit lite om frå før.

Konkretisering

Begge problemstillingane som vi brukte som eksempel i førre avsnitt, kunne likevel godt ha vore spesifiserte noko meir. Ofte krev dette at vi først finn ut meir om det vi vil forske på, for eksempel ved å lese aktuell litteratur om temaet eller ved å kontakte ein forskar som kan gi oss informasjon.

Problemstillinga "Kvifor har ikkje bymålet spreidd seg til bygda Vennesla?" er meir konkret og avgrensa. Her kan vi tenkje oss at utgangspunktet var ei interesse for dialekten i Vennesla. Fordi gruppa fann ut at det var spesielt at bymålet i Kristiansand ikkje hadde verka inn på den lokale dialekten, blei det mogleg å konkretisere problemstillinga på denne måten.

Kvifor-spørsmål

Problemstillinga om skolematvanar er ganske annleis. Her undersøkjer ein eit mogleg årsaksforhold. Ein spør om kjønn har nokon innverknad på skolematvanar. For å undersøkje denne moglege samanhengen må vi som eit minimum innhente informasjon om to variablar (eigenskapar) hos einingane (dei vi spør): kjønn og skolematvanar.

Vi seier da gjerne at kjønn er den uavhengige variabelen, det vil seie den som påverkar, mens skolematvanar er den avhengige variabelen, den som blir påverka. Problemstillinga søkjer å avdekkje om variasjon i variabelen skolematvanar kan forklarast med om ein er gut eller jente. Dersom vi vil undersøkje årsaksforhold, er det viktig at problemstillinga inneheld både einingane, variablane og årsaksforholdet. Dette er eit teikn på at problemstillinga er utvikla og spissa.

Forsking som prøver å seie noko om årsaksforhold, er som hovudregel meir interessant enn forsking som berre gjer greie for korleis ting er. For eksempel er det ikkje veldig interessant å nøye seg med å undersøkje kor stor andel av skoleelevane som bruker å ha med seg matpakke heimefrå. Da er det nyttigare å finne ut kvifor nokre av elevane ikkje har med seg matpakke.

Eit kjenneteikn ved problemstillingar som undersøkjer årsaksforhold er at dei inneheld, eller kan omformulerast til, kvifor-spørsmål: Kvifor er det slik at gutar og jenter har ulike skolematvanar? Svara på slike spørsmål vil kunne gi oss djupare innsikt i årsakssamanhengar.

Dersom vi skal undersøkje eit tema som vi veit relativt lite om frå før, er det likevel svært vanskeleg å starte forskingsprosessen med å formulere ei problemstilling som ser på heilt spesifikke årsaksforhold. "Korleis er det å vere ung asylsøkjar eller flyktning i Saltdal?" er eit eksempel på ei slik problemstilling som er nokså open. Men det er ikkje noka dårlig problemstilling så lenge vi utforskar ho på rett måte. Ei undersøking av denne problemstillinga kan jo avdekkje faktorar som verkar inn på livet til asylsøkjarar eller flyktningar i Saltdal, slik at vi vinn ny innsikt i og auka forståing for livssituasjonen til denne gruppa.

Sosiale bakgrunnsvariablar

Også i undersøkinga om skolematvanar kan det vere vanskeleg å vite på førehand kva for faktorar som verkar inn på desse vanane. Men det finst ein del sosiale bakgrunnsvariablar som det er svært vanleg at ein innhentar informasjon om. Typiske eksempel på sosiale variablar er kjønn, alder, utdanning, inntekt og bostad til informantane, dessutan inntekt, utdanning og yrke til foreldra. Desse variablane har svært ofte noko å seie for haldningar og åtferd. Sjølv om vi i undersøkinga om skolematvanar er særleg interesserte i å sjå om kjønn er ein vesentleg variabel, så kan det altså vere lurt å innhente informasjon om fleire variablar.

Er problemstillinga forskbar?

Problemstillinga må også vere forskbar, det vil seie at ho må kunne undersøkjast i praksis. Dette vil heilt enkelt seie at dei einingane vi skal innhente informasjon om, er tilgjengelege, og at vi kan få tak i informasjon om variablane (eigenskapane) som vi ønskjer å undersøkje.

I eit mindre skoleprosjekt bør de unngå fleire ulike problemstillingar, altså to heilt ulike spørsmål som skal undersøkjast i same prosjekt. De kan likevel gjerne ha to problemstillingar som er nærskylde, og som det er mogleg å svar på med det same datamaterialet. Den første problemstillinga kan for eksempel vere eit "korleis-er"-spørsmål, og den andre eit "kvifor-er-det-slik-at"-spørsmål.

Avgrens problemstillinga

Det å lage gode, avgrensa problemstillingar er ikkje lett. Som regel kan det vere lurt å finne ut litt meir om temaet de skal forske på først. Ved å gjere litteratursøk på biblioteket kan de finne ut kva andre forskarar har funne om temaet. Da vil de gjerne også finne meir konkrete problemstillingar som kan vere engasjerande å undersøkje.

Viktige spørsmål

  1. Kva er det problemstillinga gir dykk ny kunnskap om?
  2. Er problemstillinga avgrensa slik at de kan svare på ho i løpet av tida de har til disposisjon?
  3. Dersom de har ei presis problemstilling: Kva er avhengig og uavhengig variabel i problemstillinga?
  4. Dersom de er usikre på dette: Kva for moglege samanhengar og årsaksforhold vil de sjå etter? Og kva for variablar treng de undersøkje for å kunne seie noko om desse samanhengane?
  5. Er problemstillinga formulert slik at de berre får stadfest ting som de allereie trur, eller opnar ho opp for at de faktisk kan finne ut noko nytt?

Lokale undersøkingar

Ein annan framgangsmåte kan vere å formulere problemstillingar som kan utforskast lokalt. Utgangspunktet for ei slik undersøking kan vere eit forskingsfunn frå ein annan del av landet eller eit anna land. Med utgangspunkt i den andre undersøkinga kan de da undersøkje det same forholdet i lokalmiljøet. Dette kan for eksempel vere forhold på skolen, i byen eller i lokalmiljøet de bur i. Det er enklare å formulere gode problemstillingar om lokale forhold sidan de har gode førehandskunnskapar. Samtidig blir det enklare å finne fram til informantar og samle inn informasjon.

På dette stadiet vil de ofte oppdage at det er altfor mange interessante spørsmål og for lita tid til å svare på alle. For at prosjektet skal bli gjennomførbart, må de derfor velje eitt spørsmål som de vil finne svaret på.

CC BY-NC-ND 4.0Skrive av Gisle Andersen. Rettshavar: Holbergprisen i skolen, UIB
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019