Introduksjon
CC BY 4.0
Gjennom elevforsking kan du sjølv bidra til å skaffe til vegar ny kunnskap om medium, individ og samfunn. I denne læringsstien blir du kjend med dei ulike trinna i forskingsprosessen.
Når du har jobba med læringsstien, skal du
- vite kva forsking er
- kunne lage ei god problemstilling
- kjenne til ulike forskingsmetodar og kunne velje relevant metode for problemstillinga di
- kunne gjennomføre ei enkel spørjeundersøking og ei kvalitativ intervjuundersøking
- vite korleis du går fram når du analyserer empiriske data
- kunne tolke funna du gjer i lys av relevante teoriar
- kjenne til viktige forskingsetiske prinsipp