Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk korleis unge bruker dataspel

Er barn og unge klar over si eiga dataspeling? Bruk aktivitetar som er tenkte ut av forskarar for å undersøke korleis yngre søsken eller barneskule- eller ungdomsskuleelevar tenker om å spele dataspel.

I dette arbeidsoppdraget skal de undersøke den kritiske mediekompetansen til elevar på mellomtrinnet eller ungdomsskulen.

De lagar ein avtale om å besøke ein klasse, og elevane de møter, skal gjere fire ulike aktivitetar med hjelp frå dykk og på den måten jobbe med refleksjonar rundt si eiga dataspeling.

1. Undersøk dataspelerfaringane til dei unge

Gjer dykk kjende med aktivitetane 1 til 4 som de finn nedanfor. Løys oppgåvene som om de er ungdommane de skal besøke. Legg òg merke til kor lang tid de bruker på aktivitetane, slik at de kan justere tidsbruken når de skal på besøk.

Aktivitet 1: Lag ei tidslinje
  1. Lag ei liste over alle spela du eig og/eller speler.

  2. Teikn ei tidslinje for den siste veka. Få fram

    • kva spel du spelte når

    • kven du spelte med, og kvar de spelte

    • når du brukte pengar på spel

    • når du snakka om spel med venner

    • når du såg reklame i spel

Aktivitet 2: Lag eit tankekart om favorittspelet
  1. Finn fram notatark og ein plakat i A2-format.

  2. Bruk eiga erfaring og søk på nett. Skriv notat om

    • kor mykje pengar de bruker på spelet

    • kven som eig spelet, og kor mykje spelselskapet er verd

    • kven som distribuerer/sel spelet

    • kva plattformer som spelet kan spelast på, og kven som eig plattformene

    • kva spelet kostar, og alt du kan bruke pengar på i spelet

    • korleis spelet blir marknadsført, både synleg og skjult (reklame, sponsing, influensarar, spelrelaterte produkt og så vidare)

  3. Teikn logo og skriv namnet på favorittspelet på plakaten. Lag eit tankekart for å vise samanhengar i informasjonen om spelet.

Aktivitet 3: Spel eit dataspel og snakk om det
  1. Vel eit spel de liker godt. Logg på og start å spele.

    Mens de speler, legg merke til følgande: forteljinga, korleis avatarar ser ut, skins, ting som blir brukt i spelet, og forskjellen på avatarar.

  2. Gjer ein minianalyse av spelet ved å svare på desse spørsmåla:

    • Kva verd blir skildra i spelet?

    • Korleis ser karakterane ut? Korleis oppfører dei seg?

    • Kva er forskjellen på karakterane?

    • Kva roller har karakterane?

    • Kva sosiale relasjonar er det mellom karakterane?

    • Kva driv handlinga framover?

Aktivitet 4: Beskriv idéen til ditt eige spel

De er speldesignarar/spelutviklarar og skal utvikle idéen til eit nytt spel.

Oppdraget er: Lag eit spel som ikkje finst, som de ønsker å spele.

Teikn og beskriv idéen til spelet på ein plakat.

Ta med dokumentet til klassen.

Filer

2. Undersøk unge si forståing for dataspel

Avtal tidspunkt med aktuelle elevar. Lag ein plan for timane og be læraren deira om å godkjenne planen. Gjennomfør aktivitetane. De kan rekne med å bruke omtrent to timar.

3. Del og diskuter undersøkingane dykkar

De er no samla i klassen igjen. Del og diskuter. Vis fram tidslinjer og tankekart, og orienter kvarandre om kor medvitne dei unge de møtte, er om si eiga dataspeling.

Læraren organiserer og prioriterer delinga.

  1. Kva og kor mykje speler dei?

  2. Kva veit dei om spela dei speler?

  3. Kva fortel dei om dataspela dei speler? Kor godt forstår dei dataspela, og kor gode er dei til å fortelje om dei?

  4. Kva dataspel ønsker dei seg? Er det likskapar og forskjellar mellom idéane dei presenterer?

  5. Korleis vil de beskrive den kritiske mediekompetansen til unge med omsyn til eiga dataspeling? Kor medvitne er dei når det gjeld

    • kjønn

    • tilgjengelegheit

    • pengebruk (mellom anna mikrohandel)

    • status

    • spelmekanikk

    • overraskingsskrin

  6. Bli einige om tre råd de vil gi yngre dataspelarar.

Kjelde

Mainsah, H., Dralega, C. A., Dahle, M. S. & Repstad, H. (2023). Videogames and Critical Media Literacy in Family Contexts in Norway. Medietilsynet/Rådet for Anvendt Medieforskning (RAM). NLA Mediehøgskolen Gimlekollen og OsloMet.

Relatert innhald

Kritisk mediekompetanse handlar om å kunne stille kritiske spørsmål til alt som har med media å gjere: produksjon, språk, representasjon og publikum.

CC BY-SASkrive av Carol Azungi Dralega og Henry Mainsah.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2024

Læringsressursar

Kritisk mediekompetanse