Hopp til innhald
Fagartikkel

Globale strøymetenester påverkar marknaden og kulturen

Digitaliseringa har endra marknaden for produksjon og distribusjon av film og tv. Globale strøymetenester som Netflix og HBO når ut til sjåarar over heile verda. USA er storeksportør av kulturelle verdiar, men no blomstrar filmindustrien også i andre verdsdelar.

Digitalisering har endra marknaden for underhaldning

Måten vi ser filmar og seriar på, har blitt endra av digitaliseringa. Vi vel sjølve kva vi vil sjå, og når og kvar vi vil oppleve det. Trenden er at dei gode historiene har flytta seg frå filmlerretet til .

Aktørar som Netflix og HBO har dei siste åra teke opp kampen mot dei etablerte film- og tv-selskapa. Ei slik utvikling blir kalla ein . Det betyr at ny teknologi og nye forretningsmodellar gjer dei gamle marknadsmodellane for produksjon og distribusjon irrelevante.

Både produsent og distributør

Det amerikanske produksjons- og distribusjonsselskapet Netflix dreiv opphavleg med fysisk filmutleige til faste abonnentar. I dag tilbyr selskapet ei verdsomspennande strøymeteneste for film, tv-seriar og dokumentarar. I oktober 2021 hadde Netflix 213,6 millionar abonnentar frå heile verda.

Produksjons- og distribusjonsselskapet HBO (forkorting for Home Box Office) er eigd av HomeBoxOffice Inc. og Warner Media Entertainment. I 2021 hadde dei to strøymetenestene deira, HBO og HBO Max, 64 millionar betalande abonnentar.

I tillegg til å vere distributør av andre sitt innhald er HBO og Netflix også produsentar av eigne filmar og dramaseriar med høg kvalitet. Eit synleg bevis på det er at Netflix-serien The Crown i 2021 fekk den prestisjetunge Emmy-prisen for beste dramaserie.

Same innhald på ulike plattformer

Strøymeselskapa tilbyr kundar innhald på ulike plattformer, som mobil, internett og betal-tv. Det speler mindre rolle kva plattform kundane nyttar seg av. Målet er å få sjåarane hekta på innhaldet slik at selskapet kan finansiere og produsere fleire og betre program.

Frå dramaseriar til spel?

Dataspel blir meir og meir populære, spesielt blant yngre forbrukarar. Spela har over tid utvikla seg til å bli dramatiserte visuelle forteljingar, der spelarane sjølve kan påverke det som skjer. Netflix vurderer derfor om dei skal innlemme dataspel i strøymetenestene sine.

Krav til europeisk innhald på globale plattformer

I 2018 kom Europaparlamentet med eit direktiv som gjer det mogleg å påleggje strøymetenester som HBO og Netflix å ha minst 30 prosent europeisk innhald i biblioteka sine. Selskapa skal også bidra til produksjon av film og tv-seriar i dei landa dei operer i.

Netflix og HBO Max (tidlegare HBO Nordic) tilbyr derfor ei rekkje norskproduserte filmar og seriar til norske sjåarar. Den første norskproduserte serien som blei vist på HBO, var dramaserien Beforeigners (2019).

Nokre norsk produksjonar har også nådd den amerikanske sjåarmarknaden, mellom anna den humoristiske dramaserien Lilyhammer, som speler på kulturforskjellar mellom nordmenn og amerikanarar.

"It's not TV – it's HBO"

Slik lyder slagordet til den amerikanske betal-tv-kanalen Home Box Office (HBO).

The Sopranos, The Wire, Six Feet Under, Sex and the City og Boardwalk Empire er berre nokre døme på HBO-seriar som har blitt kjende verda over. Tv-serien The Sopranos hadde premiere i januar 1999, og sidan då kan ein seie at HBO har vore symbolet på amerikanske kvalitetsdrama på tv. Mest kjend er likevel dramaserien Game of Thrones, som blei send i åtte sesongar.

HBO lagar ofte komplekse seriar som krev ein del bakgrunnskunnskap for å forstå . Nokre sjåarar hevda at dei måtte sjå dei tre første episodane av The Wire heile ni gonger før dei forstod kva serien eigentleg handla om.

Uskuldig underhaldning eller kulturimperialisme?

Amerikanske filmar og dramaseriar blir sett av menneske over heile kloden. Desse fiktive forteljingane formar dei tankane vi gjer oss om rett og gale, og det synet vi har på det gode livet, anten vi bur i Japan, Palestina, Kenya eller Noreg.

Dramaseriane er derfor viktige eksportørar av kulturelle . Når slikt innhald blir spreidd gjennom globale strøymetenester, har dei nasjonale styresmaktene lite styring over kva innbyggjarane får av kulturelle impulsar frå verda utanfor.

Enkelte vel å kalle denne forma for påverknad for amerikansk , sidan amerikansk underhaldningsindustri over tid har vore dominerande på verdsbasis.

Om påverking frå serien Sex og singelliv. Video: NRK / CC BY-NC-ND 4.0

Strøymegigantane utvidar den kulturelle sfæren

Dei siste åra har distribusjon av eigenprodusert innhald frå Asia og Europa vist seg å vere god forretning. I 2021 hadde Netflix stor suksess med den sørkoreanske serien Squid Game. I denne serien konkurrerer personar i barneleikar om å vinne ein formue. Dei som taper, blir drepe.

Fire veker etter lanseringa hadde over 142 millionar menneske verda over sett serien. Den asiatiske marknaden tek spesielt godt imot seriar som formidlar asiatisk kultur.

Kva meiner norske sjåarar om tv-serien Squid Game?

I Noreg har Squid Game blitt teken imot med både fasinasjon og moralsk fordømming.

Finn ut kvifor.

Fordjup deg gjerne i Kristoffer Gaarder Danneviks artikkel "Squid Games nerve" i Agenda Magasin.

Nokre viktige omgrep

Kjelder

Gaustad, T., Theie, M. G., Tøien-Eidsvold, I., Torp, Ø., Gran A.-B. & Espelien A. (2018). Utredning av pengestrømmene i verdikjeden for norske filmer og serier (Menon-publikasjon nr. 5/2018). Menon Economics og Handelshøyskolen BI. https://www.medienorge.uib.no/files/Eksterne_pub/prm-8-18-vedlegg-rapporten.pdf

Haugen, A. (2021, 19. oktober). Netflix venter knallsterk "Squid Game"-vekst. E24. Henta 16. desember 2021 frå https://e24.no/boers-og-finans/i/7dRGRV/netflix-venter-knallsterk-squid-game-vekst

Relatert innhald