Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nærles mediekommentaren "Er det faktisk helt sant?"

I denne oppgåva skal du nærlese ein faglitterær tekst om faktasjekking. Nærlesing handlar i første omgang om å forstå teksten og dei omgrepa forfattaren bruker. Deretter handlar det om å setje seg inn i, vurdere og reflektere over synspunkt og argument frå ein mediefagleg ståstad.
Ung kvinne les ei avis. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Les mediekommentaren "Er det faktisk helt sant?" av Sven Egil Omdal. Marker faglege omgrep i teksten. Gå gjerne saman to og to og skift på å forklare for kvarandre kva omgrepa betyr.
  2. Gå inn på nettstaden faktisk.no og klikk på menyen "Om oss". Kven står bak denne nettstaden? Korleis definerer organisasjonen sjølv hovudformålet med nettstaden?
  3. I mediekommentaren sin presenterer Sven Egil Omdal noko av kritikken som har komme mot måten faktisk.no jobbar på. Kva går denne kritikken ut på?
  4. Kva meiner Sven Egil Omdal sjølv om saka?
  5. Teksten du nettopp har lese, er ein mediekommentar. Kva kjenneteiknar denne sjangeren? Kva slags forventningar kan du som lesar ha til han?
  6. I journalistikk og politikk har sanning tidlegare vore eit ideal. I dag ser vi ei dreiing mot at det som blir oppfatta som smart, eller det som støttar opp under eiga røyndomsoppfatning, trumfar det som er sant. Finst det ei objektiv sanning? Eller handlar det eigentleg berre om auget som ser? Kva sanningskrav meiner du skal stillast til politiske påstandar og til det journalistar formidlar? Diskuter dette i klassen.

    Samtavla er eit digitalt verktøy som kan eigne seg når de snakkar om slike tema i klassen. Då er det lettare for alle å bli høyrde.

Relatert innhald

Har Norge verdens nest lengste kystlinje? Er kysten 102 936, 58 133 eller 25 148 kilometer lang? Hva er fakta?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2020

Læringsressursar

Kritisk mediekompetanse