Praktisk-estetiske aktivitetar
Estetikk er den kunnskapen vi får gjennom å sanse, og som påverkar kjenslene våre. Estetikk blir assosiert med noko fint og vakkert og med det å vurdere omgivnadene våre. Av den grunnen er ofte estetikk forbunde med kunst, og det blir gjerne kopla til dei estetiske faga som kunst og handverk, musikk og drama.
Estetikk er likevel meir enn kunst og kunstuttrykk, det er ein måte å forstå verda på. Når vi snakkar om ei estetisk erfaring, handlar det om den prosessen vi sjølve er i når vi gjer noko, utfører eller skaper noko nytt og unikt. Det kan vere når vi er i leik, aktivitet eller jobbar med ei skuleoppgåve. Vi skaper noko nytt hos oss sjølve i form av kunnskap og forståing, eller for omgivnadene, i form av eit uttrykk eller eit kunstverk.
Estetisk erfaring er den prosessen der vi er aktive og handlande i samspel med omgivnadene. Vi deltek og opplever med heile kroppen. Vi sansar, kjenner, tolkar, tenkjer, handlar, eksperimenterer og reflekterer. Vi nyttar heile kroppen for å få kunnskap, forståing og innsikt både om oss sjølve og om omgivnadene. Både kjensler og tankar (kognisjon) er kopla saman med handling. Vi tenkjer og reflekterer mens vi handlar.
Når barn og unge deltek aktivt og handlande i praktiske aktivitetar, er dei merksamt til stades, dei sansar, følar og gjer erfaringar, og dei gløymer tid og stad. Dei er nysgjerrige og undrande, gløymer seg sjølve, og opplever ein tilstand av flyt. Dei er indre motiverte, dei gjer noko fordi det er artig og tilfredsstillande i seg sjølv å halde på. Dei får energi til å undersøkje og eksperimenterer, tenkje, vurdere, gjere val og prøve ut ulike løysingar med det dei held på med. Dei avdekkjer problem og finn nye og kanskje betre løysingar. På den måten gjentek dei og øver heilt til dei får den kvaliteten dei ønskjer. Dei utviklar både ferdigheitene sine og vurderingsevna si. Når dei finn løysingar som dei er fornøgde med, har dei fått ei ny erfaring. Denne nye erfaringa gir ny kunnskap, forståing og innsikt, og i tillegg har dei forbetra ferdigheiter og kanskje òg fått heilt nye ferdigheiter.
Denne prosessen skaper ei erfaring som trengjer djupare inn i medvitet og gir deg ei djupare forståing, ho sit i kroppen. Forståinga finn stad i hendinga eller det praktiske du gjer. Det er kunnskap og forståing som du ikkje får på andre måtar enn gjennom å gjere det sjølv. Du hugsar det betre enn om du berre hadde lese eller høyrt om det, fordi du har erfart det sjølv. Denne måten å lære på er naturleg for barn, og for alle oss andre òg.
Barn er nysgjerrige av natur, dei ønskjer å utforske, oppdage og skape. Dei undersøkjer, erfarer og lærer gjennom sansane. Vi må leggje til rette for at barn får lære gjennom å gjere eigne erfaringar. Det vil seie at dei ikkje skal vere observatørar på sidelinja, men derimot sjølve få delta kroppsleg i praktiske aktivitetar.
Undringa og nysgjerrigheita til barn kan vere grunnlaget for å undersøkje og utforske samanhengar i verda saman med barna. Vi må la barn få tid til å utforske, og vi må ta oss tid til å undre oss saman med dei. Ei estetisk erfaring krev at vi gir barna tid. Tid til tenkje over det dei gjer, og til å øve og gjenta.
Barne- og ungdomsarbeidaren må arbeide for å skape gode og omsorgsfulle relasjonar til barnet, slik at barnet opplever at det er trygt å utforske. Vi må delta saman med barna og inspirere dei til å vere aktive og utforskande. Vi skal vere ein ressurs som kan prøve ut, og eksperimentere, vurdere og reflektere saman med dei i ulike praktiske situasjonar, og slik bidra til at barn skaper og utviklar kunnskapen sin om verda og om seg sjølve.
Utfordringar til deg
Kunnskap og forståing kjem alltid frå menneskeleg innsats, og det krev aktiv deltaking, merksemd og nærvær. Kva betyr det for deg som elev?
"Eg høyrer og gløymer. Eg ser og hugsar. Eg gjer og forstår" er eit kjent sitat frå Konfucius. Kva samanhengen har det med estetisk erfaring?
Kvifor er tid viktig i det praktisk-estetiske arbeidet?
Stai, S. (2017). Estetikk i barne- og ungdomsarbeiderfaget. En kvalitativ studie av lærernes forståelse og erfaring. [Masteroppgåve]. Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2677359/siv%20Stai.PDF?sequence=1&isAllowed=y