Matematikk i kvardagen
Same kvar du er i livet, møter og nyttar du matematikk i ulike former. Allereie frå fødselen av nyttar nyfødde formattkjenning for å skilje ansiktet til mor frå ukjende. Barn utforskar volum og form ved hjelp av sand og vatn i sandkassa. Dei tel i leik og aktivitetar, og dei kan diskutere om hundre tusen klemmar er meir enn ein million. Dei lagar ulike mønster med ulike materiale. Dei reknar ut og vurderer kva is det løner seg å velje. Dei matematiske utfordringane endrar seg i løpet av livet, og vi får etter kvart andre behov for matematisk kompetanse.
Matematikk er altså ein naturleg del av kvardagen til barn og unge. Matematikk i barnehage og SFO handlar ikkje om at vi skal undervise i matematikk, men at vi skal stimulere den matematiske forståinga gjennom leik, undring og eksperimentering. Vi kan leggje til rette for at barn og unge får oppdage kva matematikk er og kan vere, og motivere dei til å utforske og eksperiment.
Barn erfarer matematikk i leik og aktivitetar. Dei sansar og utforskar med heile seg. Dei erfarer storleikar og utviklar romforståing. Dei undersøkjer og kjenner igjen eigenskapar med ulike former, og de sorterer. På denne måten blir dei utfordra til å finne ut av samanhengar og dermed vidareutviklar dei den matematiske forståinga. Barn treng tid til å utforske og gjere eigne erfaringar av dei matematiske omgrepa. Vi må vere til stades for å setje ord på opplevingane og erfaringane til barnet.
Vi må sjå og vise interesse for den matematikken barna uttrykkjer. Vi må vere klar over kva matematikk er, slik at vi kan nytte og løfte fram matematiske omgrep og tenkjemåtar i dagleglivet. Til dømes kan vi inspirere til matematisk tenking ved hjelp av bøker, spel, musikk, digitale verktøy, naturmateriale, leiker og utstyr. Når vi undrar oss saman med barna, kan vi vekkje lysta til å stille spørsmål. La barna få tid til å resonnere, argumentere og søkje etter løysingar. Barna lærer omgrep og ser samanhengar når dei får tenkje og resonnere over sine eigne erfaringar.
Utfordringar til deg
Tenk gjennom dagen din. Kva for nokre matematiske omgrep har du vore innom i dag?
Kvifor treng ein barne- og ungdomsarbeidar å kjenne til matematiske omgrep?
Korleis kan vi leike og eksperimentere med tal, mengder og teljing?
Korleis kan utforsking bidra til at barna utviklar matematiske omgrep?