Hopp til innhald
Film og filmklipp

Den estetiske erfaringa

Når barn deltek i ulike prosessar, får dei erfaringar. Estetiske erfaringar er kroppslege erfaringar vi får gjennom å sanse, kjenne, tenkje og handle. Erfaringar som rører kjenslene våre, gir oss lyst til å halde fram. På den måten blir ferdigheitene utvikla og vi skaper ny kunnskap og forståing.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva kunnskap får vi gjennom sansane?

  2. Leik med vatn er artig! Kva er det barn sansar og får erfaring med når dei leiker med vatn?

  3. Kva sanseopplevingar får du ved å røre deg til musikk?

  4. Kva har kjenslene å seie for læring?

  5. Kva er ei estetisk erfaring?

  6. Kva har estetisk erfaring å seie for læringa og danninga til barn og unge?

  7. Korleis kan du leggje til rette for at barn får oppleve og sanse i kvardagen?