Larva
Ta utgangspunkt i bileta av prosessen med å lage ei larve.
Lag ei skildring av korleis du skal gå fram for å lage ei slik larve.
Planlegg denne praktisk-estetiske aktiviteten for ei barnegruppe. Svar på det følgjande i planen:
Kva aldersgruppe passar aktiviteten for? Grunngi.
Kva skal du gjere?
Korleis skal du gjere det?
Kvifor skal du gjere det?
Kva treng du av utstyr?
Gjennomfør aktiviteten i klassen.
Inviter ei barnegruppe til skulen eller gjennomfør aktiviteten i praksis. Dokument og vurder gjennomføringa av larve-aktiviteten.
Kva utviklingsområde hos barn og unge blir stimulerte i denne aktiviteten? Grunngi.
Larvar er eit vårteikn. Det er eit stadium som mange insekt gjennomlever etter å ha kome ut av eit egg. Temaet larver kan vere eit flott utgangspunkt for filosofering.
Les boka Den vesle larven Aldrimett av Eric Carle.
Ut frå boka lagar du filosofiske spørsmål som skaper undring og nysgjerrigheit.
Tenk deg at du får ansvar for eit prosjekt om larver på praksisplassen din. Målet er at barna skal få kjennskap til larver, og dessutan at prosjektet skal gi barna skaparglede, opplevingar som kan bidra til oppdagingar i naturen, og moglegheit til deltaking i og påverknad av fellesskapen.
Lag ei idé-liste over kva du vil gjere.
Vel ein av idéane dine og planlegg aktiviteten.