Hopp til innhald

Fagstoff

Treduojár

Ein treduojár jobbar med trematerialar og lagar, reparerer og utviklar bruksgjenstandar med utgangspunkt i samiske duodjitradisjonar. Produkta som blir laga av treduojárer, er mellom anna koppar og kar, skeier, smykke, båtar og sledar.

Materialinnsamling

Trestamme med rirkule. Foto.

Ein viktig del av faget er å innhente brukbare materiale og vurdere om materialet passar til produktet. Ein treduojár kjenner til tilstanden til materiala i dei ulike årstidene og veit korleis ein sankar inn, omarbeider og lagrar tremateriale frå naturen.

Teknikkar

I faget skal du jobbe med ulike teknikkar innan treduodji. Utholing, sveping, tægerbinding og ulike samanføyingsteknikkar er sentralt i treduodjifaget. Dei tradisjonelle oppbevaringsgjenstandane náhpi (kar) og guksi (kopp) er laga av uthola rirkuler.

Smykkeskrin i tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sveiping er ein gammal teknikk der du bøyer eit stykke tre rundt ein mal, syr endane saman og set i ein botn. Sveiping blir brukt til å lage oppbevaringsgjenstandar i ulike storleikar. Ein kan òg lage større gjenstandar som båtar og sledar.

Tæger er tynne greiner av røter. Bindingsteknikken held materialet godt saman og gir ei stødig form. Med tægerbinding har ein tradisjonelt laga bruksting, mellom anna saltflasker. I dag ser vi at tægerbinding blir brukt i smykkeproduksjon, ofte i kombinasjon med sølv. Tæger blir òg brukte i samanføyingsteknikkar i ulike produkt.

Nærbilete av saltflaske laga av tæger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Ein treduojár må ha godt handlag og vere nøyaktig. Du bør ha god forståing for form og vere kreativ. I tillegg må du ha evner til lære deg å bruke handverktøy og maskinar. Du må kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli treduojár er to år i vidaregåande skule og to år lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du vg2 duodji med fordjuping i harde materiale. Etter to år i lære i treduodjifaget kan du ta sveinebrev.

Dekorert samisk trekopp på reinsdyrskinn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Duodji