Hopp til innhald
Fagartikkel

Horn-, bein- og metallduojár

Ein duojár som jobbar med horn-, bein og metallduodji former og graverer, reparerer og utviklar bruksgjenstandar med utgangspunkt i samiske duodjitradisjonar. Duojáren lagar mellom anna knivar, knivslirer, skeier, smykke, grindvevar og skytlar.

Materiale

Ein horn-, bein og metallduojár kjenner igjen dei ulike nemningane på hornet og ulike bein og veit korleis dei ulike delane kan brukast i produksjon av bruksgjenstandar. Innsamling av brukbare materiale er ein sentral del av faget.

Teknikkar

I arbeid med horn, bein og metall jobbar du med handverktøy og maskinar i ulike teknikkar. Teknikken med å dele og hole ut horn blir brukt i produksjon av knivslire. Horndelane blir festa saman med metalldelar. Denne teknikken blir kalla for å duorrat, og han blir òg brukt i produksjon av andre gjenstandar. Knivslira blir til i kombinasjon med lêr og handsaum. Det er vanleg å kombinere materiale når ein jobbar som horn-, bein og metallduojár. Sølv blir ofte brukt i kombinasjon med horn.

Som horn-, bein- og metallduojár lærer du ulike graveringsmetodar for hand. Du får jobbe med ornamentikk som representerer ulike område i Sápmi, og får òg lage eigne uttrykk i arbeidet.

Eigenskapar

Ein horn-, bein- og metallduojár må ha godt handlag og vere nøyaktig. Du bør ha god forståing for form og vere kreativ. I tillegg må du ha evne til lære deg å bruke handverktøy og maskinar. Du må kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli horn-, bein- og metallduojár er to år i vidaregåande skule og to år lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du vg2 duodji med fordjuping i harde materiale. Etter to år i lære i horn-, bein- og metallduodjifaget kan du ta sveinebrev.

CC BY-SA 4.0Skrive av Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021