Hopp til innhald
Fagartikkel

Duodjifaga

Duodji er samisk handverk og blir delt i fem ulike yrkesfag: horn-, bein- og metallduodjifaget, skinn- og pelsduodjifaget, tekstilduodjifaget, treduodjifaget, ull- og garnduodjifaget. Faga er utvikla i Sápmi, i nordlege delar av Russland, Sverige, Finland og Noreg.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0
Omgrepsbruk

I denne teksten bruker vi dei nordsamiske omgrepa:
duodji (handverk), duojár (handverksutøvar) og duddjot (å produsere handverk).

På lulesamisk blir desse omgrepa brukte: duodje (handverk), duodjár (handverksutøvar) og duodjuhit (å produsere handverk).

På sørsamisk blir desse omgrepa brukte: duedtie eller vætnoe (handverk), vytnesjæjja (handverksutøvar) og vytnjesjidh (å produsere handverk).

Duojár

Som duojár, eller duodjiutøvar, får du arbeide praktisk og bruke materiale, verktøy og maskiner i skapande prosessar. Ein duojár kan produsere både tradisjonell duodji og lage nytt design. Ein kan skape duodji som blir kunstverk. Duodji kan òg produserast i kreative næringar, som til dømes film og teater.

Duodjifaga

Det sentrale i duodjifaga er duddjot, å produsere bruksgjenstandar av naturmateriale. Du lærer å produsere tradisjonell og nyskapande duodji og får innsikt i sal og marknadsføring av varer. Kunnskap om lokale naturressursar og materialinnsamling er ein viktig del av faga. Du får jobbe med innsamling av tremateriale, skinn, bein og horn. Bearbeiding av materiala både for hand og med maskiner inngår i arbeidet.

Naturmateriala blir gjerne kombinerte med innslag av andre materiale. I horn-, bein- og metallduodjifaget blir nokre produkt laga i horn og sølv. I treduodjifaget kan tæger kombinerast med sølv. I tekstilduodjifaget inngår dekoreringsmetodar med tinntråd, perler, kråkesølv og band. Dei same dekoreringsmetodane blir òg brukte i skinn- og pelsduodjifaga.

Duodji og praktisering av faga er levande kulturarv i stadig endring. I faget arbeider du med tradisjonelle arbeidsmetodar og lærer om estetiske verdiar og kvalitet i duodji. Samtidig skal du ha eit blikk på trendar og lære å tilpasse produkt og tenester til dagens behov.

Gjennom utdanningsløpet utviklar du materialforståing, lærer tradisjonelle duddjon- og repareringsteknikkar og får kunnskap om eigenart knytta til dei enkelte duodjiprodukta. Ved å lære deg duodjiteknikkar, utviklar du òg forståing for korleis gjenstandar kan reparerast og brukast om igjen.

Utdanning

Etter vg1 handverk, design og produktutvikling eller vg1 teknologi- og industrifag kan du ta vg2 duodji. Dette er ei landslinje. Deretter kan du velje to år spesialisering i eitt av dei fem duodjifaga:

  • horn-, bein- og metallduodjifaget

  • skinn- og pelsduodjifaget

  • tekstilduodjifaget

  • treduodjifaget

  • ull- og garnduodjifaget

Alternativt kan du i eit tredje skuleår ta påbygging til generell studiekompetanse.

Jobbmoglegheiter

Med utdanning og sveinebrev i eit av duodjifaga har du fleire arbeidsmoglegheiter. Du kan starte eige føretak der du produserer tradisjonelle og nyskapande duodjiprodukt, og du kan jobbe for etablerte duodjibedrifter eller innanfor kreative næringar.

CC BY-SA 4.0Skrive av Sara Inga Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021