Hopp til innhald
Fagartikkel

Skinn- og pelsduojár

Ein náhkkeduojár, eller skinn- og pelsduojár, omarbeider skinn og produserer, utviklar og reparerer skinnprodukt med utgangspunkt i samiske duodjitradisjonar. Tradisjonelle produkt er fottøy, klede og oppbevaringsgjenstandar eller bruksgjenstandar som seletøy og grimar for reinsdyr.
Filmen er produsert av Norske Kunsthåndverkere, og er ein del av portrettserien deira Kunstnerbesøket. Video: Norske kunsthåndverkere / Avgrensa bruksrett

Materiale

Ein náhkkeduojár kjenner til ulike skinn- og pelstypar av ville dyr og veit korleis årstidene påverkar skinnet og kvaliteten på pelsen. Naturlege garvemetodar og tilarbeiding av materiale til produksjon inngår i arbeidet. Tilarbeiding av sisti (avhåra reinskinn) og gápmasat (skankeskinn av rein) er nokre av metodane det blir jobba med.

Teknikkar

I faget skal du jobbe med ulike handsaumteknikkar og tradisjonelle mønster knytte til produksjon av duodjiprodukt. Du får prøve ut nye produksjonsmetodar og finne ditt eige i uttrykk i dekorering og vidareutvikling av produkt. Du lærer om regionale særpreg i dei tradisjonelle produkta, både i form og dekor.

Det finst ulike tradisjonelle fottøy innan duodji. Ein skinn- og pelsduojár lagar sommarfottøy av sel- eller kuskinn og vinterfottøy av skankeskinnet til reinen. Hovudmønsteret for fottøyet er det same over heile Sápmi, med regionale forskjellar i form, dekor og handsaumteknikkar.

Eigenskapar

Ein skinn- og pelsduojár må ha godt handlag og ha god forståing for form. Du må vere komfortabel med kroppsleg arbeid og arbeid med ulike handreiskapar. Du må kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.

Utdanning

Utdanninga for å bli skinn- og pelsduojár er to år i vidaregåande skule og to år lære i bedrift. Det første året tek du vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du vg2 duodji. Etter to år i lære i skinn- og pelsduodjifaget kan du ta sveinebrev.

CC BY-SA 4.0Skrive av Sara Inga Johansdatter Utsi Bongo.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021