Hopp til innhald

Fagstoff

Adverbial

Kvar? Korleis? Når? Det er når vi finn svaret på desse spørsmåla, at vi finn adverbialet i ei setning.

Kva er eit adverbial?

Eit adverbial kan vere så mangt. I setningane under er adverbialet markert. Klarer du å finne ut kva spørsmål du skal stille for å finne adverbialet i ei setning?

  • I morgon skal eg trene.
  • Eg skal på skulen.
  • Han spelte høgt.
Fasit

I morgon skal eg trene. Når?

Eg skal på skulen. Kvar?

Han spelte høgt. Korleis?

Eit adverbial seier altså noko om når, kvar og korleis noko skjer.

Preposisjon + substantiv = adverbial

Svært mange av adverbiala består av ein preposisjon følgd av eit substantiv. Vi kallar dette for ein preposisjonsfrase. Vanlege døme er:

  • På fredag kjem vi. (Når?)
  • Vi skal på restaurant (Kvar?)
  • Eg skal dra med venen min (Korleis?)

Ei leddsetning som adverbial

Av og til kan ei leddsetning gi svar på når, kvar eller korleis. Sjå til dømes på setninga:

  • Då vi kom heim, gjekk han.

Her kan vi spørje: Når gjekk han? Svaret er "Då vi kom heim". Då vil heile leddsetninga vere adverbial.

I tillegg til når, kvar og korleis er det vanleg at leddsetningar forklarer kvifor noko skjer. Også dette er adverbial:

  • Fordi vi kom, gjekk han.

Setningsadverbial

Mange av adverbiala er rett og slett adverb. Så om du kan adverba, vil det vere enkelt for deg å identifisere desse.

Ordet som avgjer betydinga

Sjølv om desse adverbiala ofte er korte adverb, kallar vi dei setningsadverbial. Årsaka er at dei er viktige for heile innhaldet i setninga. Utan dei ville ikkje setninga hatt same meining:

  • Eg kjem ikkje.

Ordet "ikkje" er eit setningsadverbial. Tek vi vekk dette ordet, blir betydinga heilt annleis.

Dei litt forsiktigare

Nokre adverbial endrar ikkje heile setninga, men fungerer som styrkingar eller demparar:

  • Eg kjem kanskje.
  • Eg kjem sjølvsagt.
  • Det er tvilsamt at eg kjem.

Oppsummering

Det kan verke uoverkommeleg å hugse på alle dei ulike funksjonane setningsleddet adverbial kan ha i ei setning. Prøv å hugse på:

  1. Seier det noko om kvar, når eller korleis noko skjer?
  2. Seier det noko om kvifor noko skjer?
  3. Er det eit adverb?

Viss svaret på dette er ja, så har du nok med eit adverbial å gjere.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Setningslære