Hopp til innhald

Fagstoff

Setningsanalyse

Du kan sjå på ei setning som eit puslespel. Eller kanskje som eit byggverk? Kvar setning er sett saman av ulike byggjeklossar, nemleg ord. Når du analyserer setningar, set du namn på desse byggjeklossane.

Kva er setningsanalyse?

Viss du ser på ei setning som eit puslespel, så er setningsanalyse det du gjer når du tek frå kvarandre puslespelet. Du studerer kvar brikke og forstår korleis puslespelet er sett saman.

I ei setning har kvart ord ein funksjon. Det er denne funksjonen vi er på jakt etter når vi analyserer ei setning. Kven er det som gjer noko i ei setning? Kva blir gjort? Når blir det gjort? Og kven blir det gjort mot? Det er når vi har funne svaret på dette, vi kan identifisere dei ulike setningsledda i ei setning.

Kva er forskjellen på setningsledd og ordklassar?

Svaret er at ordklassen beskriv ordet når vi ser på det for seg sjølv. Vi grupperer til dømes "katt", "gut" og "gras" i ordklassen substantiv fordi dei har det felles at dei beskriv ting, og dei kan bøyast i eintal og fleirtal.

Når vi snakkar om setningsledd, ser vi ikkje på ordet for seg sjølv, men den funksjonen det har saman med andre ord i ei setning. "Gut" høyrer til ordklassen substantiv, men kva funksjon har ordet i setninga "Guten et bananar"? Det er dette vi prøver å finne svaret på når vi analyserer setningar og identifiserer setningsledd.

Noko som også skil ordklassar og setningsledd, er at eit setningsledd kan bestå av fleire ord, medan ein ordklasse alltid berre består av eitt ord. I setninga "Guten og jenta et" er det to substantiv, nemleg "guten" og "jenta". Men sidan substantiva har same funksjon, dei et, utgjer dei berre eitt setningsledd.

Sjekk deg sjølv: Har du forstått det du har lese?

Kvifor skal eg analysere setningar?

Å analysere setningar kan gjere deg meir bevisst ditt eige språk. Først og fremst kan det hjelpe deg til å skrive meir varierte setningar. Dessutan er det nødvendig å kunne noko setningsanalyse for å forstå reglar for teiknsetjing i norsk.

I tillegg er det svært viktig å kunne identifisere setningsledd når du skal lære deg eit nytt språk. Vi kan sjå på eit døme frå eit språk du sannsynlegvis kjenner, nemleg engelsk:

  • Peter eats bananas
  • I eat bananas

Klarer du å forklare kvifor verbet "eat" har ein -s bak seg i den første setninga, men ikkje i den andre?

Fasit

Svaret er at fordi subjektet i den første setninga er i tredje person eintal, skal verbalet ha ein -s bak seg. I den andre setninga er subjektet i første person eintal. Då skal det ikkje vere ein -s bak verbalet.

Kanskje visste du at du skulle ha ein -s i verbet i den første setninga, men ikkje i den andre utan særleg kunnskap om grammatikk? Årsaka kan vere at du har lese mykje engelsk og/eller sett mykje engelsk på skjerm. Men viss du skal lære deg eit språk du ikkje kjenner noko særleg til frå før, er det ikkje like enkelt å forstå oppbygginga av setningane i dette språket utan kjennskap til setningsanalyse.

Dessutan er det å samanlikne språk ein viktig del av norskfaget. Skal du kunne samanlikne språk, må du kunne forklare korleis dei ulike språka byggjer opp setningar. Det å kjenne til setningsanalyse og dei omgrepa vi bruker, vil gjere jobben mykje enklare for deg.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2019

Læringsressursar

Setningslære