Oppgåve
Norsk og islandsk
Om du klarer å løyse denne språklege gåta, vil du finne ein viktig forskjell mellom det norske og det islandske språket.
Mange synest det er vanskeleg å skilje mellom omgrepet ordklasse og funksjonen (subjekt, objekt osb. ...) til eit ord eller ein frase i ei setning. Diskuter i grupper: Korleis viser historia over forskjellen på ordklassar og funksjon?
Sit i grupper. Kva andre språk kjenner de til? Er dei kasus- eller setningsleddspråk? Skriv ned døme og diskuter. Om de er usikre på svaret, kan de prøve å søkje på "languages with case" på nettet. Her kan de finne både kart og artiklar om emnet.