Hopp til innhald

Fagstoff

Teikneseriar

Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie. Det finst også nokre få teikneseriar som berre har bilete. Teikneserien har utvikla seg i samspel med andre liknande mediesjangrar som film og tv.
Tegneserien Pondus. Faksimile
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litt historikk

Dei første seriane var striper i aviser på 1890-talet. Teksten stod den gongen gjerne i eit felt under teikningane. I seriehefta som dukka opp på 1930-talet, fekk teikneseriane eit avansert sett med verkemiddel for å skape gode forteljingar.

Dei første seriane kom ut i USA, men etter kvart følgde dei europeiske landa etter. Særleg i Belgia og Frankrike oppstod det tidleg ein tradisjon for å fortelje lengre historier i seriealbum. I Japan utvikla dei ein eigen serietype som blir kalla manga, og som har blitt populær også i den vestlege verda.

I Noreg har vi fleire kjende og dyktige serieskaparar, som også får publisert seriane sine i utlandet. Frode Øverli (Pondus) og Lise Myhre (Nemi) er to av desse.

Eit mangfald av seriar

  • I dag finst det mange ulike typar teikneseriar, både på papir og nett.
  • Den vanlegaste er kanskje avisstripa, ei avslutta, humoristisk miniforteljing med faste figurar.
  • I hefta kan serieskaparane fortelje lengre historier over fleire sider.
  • Det mest verknadsfulle uttrykket finn vi i albuma, der historia kan strekkje seg over fleire hundre sider.

Teikneseriespråket

Serieteiknarane bruker i stor grad filmatiske verkemiddel når dei lagar rutene og sidene. Dei nyttar velkjende prinsipp for biletutsnitt, perspektiv, kontrastar osv. for å gjere forteljingane attraktive og spennande. Dei kan også variere boblespråket for å gi uttrykk for ulike kjensler og måtar å kommunisere på.

Skadeleg lesnad?

I dag ser ein gjerne på teikneseriar som relativt uskyldige, men slik har det ikkje alltid vore. På 1950-talet oppstod det moralsk panikk i den vestlege verda, og både psykologar og andre fagfolk påstod at teikneserielesing kunne få forferdelege konsekvensar for barn og unge. Dei store serieforlaga i USA måtte lage eit eige sett med sjølvpålagde avgrensingar for innhald og uttrykk. På 1970- talet kom så ein motreaksjon i form av undergrunnsblad med sterke skrekk- og sexscener.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 28.06.2018

Læringsressursar

Samansette tekstar