Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyse av ei teikneseriestripe

Vel deg ei teikneserieside eller -stripe og analysér formspråk og verkemiddel. Du kan for eksempel bruke ei av sidene som det ligg biletlenkje til under relatert innhold, eller ei av stripene på denne sida.
Tegneserieminiatyr fra Pondus. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjå nærmare på følgjande:

  • Korleis bruker teiknaren biletutsnitt og biletvinklar?
  • Korleis blir det fortalt med bobler?
  • Kva for format har rutene?
  • Korleis er figurane plassert i rutene?
  • Korleis er rutene plasserte i forhold til kvarandre?

Oppgåve 2

Vel ut ei enkeltrute og sjå nærmare på komposisjonen (oppbygginga) av biletet. Stikkord er:

  • Kva viser biletet? Kva skal det fortelje?
  • Forgrunn og bakgrunn (eventuelt også mellomgrunn)
  • Djupn (romverknad)
  • Linjer i biletet
  • Kontrastar
  • Lys og skygge
  • Ulike tolkingar (dersom teksten inviterer til dette)
Tegneseriestripe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Teikneserien er ein sjanger som kombinerer bilete og tekst for å fortelje ei historie.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Høgskolen i Bergen.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Samansette tekstar