Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er ein samansett tekst?

Dei fleste av tekstane du møter i kvardagen, er samansette. Med det meiner vi at tekstane har fleire uttrykksmåtar, der bilete, lyd og verbaltekst er sette saman til ein heilskap.

"Tekst" er meir enn skrivne ord

Når vi høyrer omgrepet tekst, tenkjer vi gjerne på ord som er skrivne ned. Men vi kan også bruke andre og fleire uttrykksmåtar enn ord og skrift i tekstar, til dømes tale, kroppsspråk, fotografi, teikningar, typografi og musikk. Dei forskjellige uttrykksmåtane verkar saman og dannar ein heilskap. Det er litt på same måten som når vi lagar ein matrett: Den ferdige retten er meir enn summen av ingrediensane.

Vi finn samansette tekstar i alle slags medium. I bøker, aviser og andre papirmedium kan ein samansett tekst bestå av tekst, bilete og typografiske verkemiddel. I elektroniske medium kan tekstane i tillegg innehalde lyd og levande bilete. Også ein presentasjon av eit prosjekt i klasserommet kan vere ein samansett tekst. Vi kan til dømes spele musikk gjennom ein høgtalar mens vi snakkar og kommenterer bilete som blir viste på ein skjerm i bakgrunnen.

VG mobil informerer om ei trafikkulykke. Skjermdump.

Dei fleste tekstar er samansette

Dei aller fleste tekstane vi bruker, er samansette. Nokre gonger kan alle uttrykksmåtane i ein tekst vere like viktige, andre gonger dominerer éin bestemt uttrykksmåte, mens andre lettare kan unnverast. Ein spelefilm kan ikkje fungere utan bilete, og knapt nok utan replikkar eller musikk. Ei rekning frå eit firma derimot har i utgangspunktet same rettskraft uansett om det står ein firmalogo på rekninga eller ikkje.

Samansette tekstar i fleire sjangrar

Du finn døme på samansette tekstar i stort sett alle sjangrar. I kategorien sakprosa kan vi nemne lærebøker, reklamar, bruksrettleiingar og informasjonsfilmar. Skjønnlitterære døme er dramastykke, spelefilmar, teikneseriar og grafiske romanar.

Gamle Donald-teikneseriar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Anne Løvland og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Samansette tekstar