Hopp til innhald

Fagstoff

Grammatikken finst i hovudet ditt

Dei fleste skjønar at dei må kjenne til grammatikken til eit nytt språk dei skal lære seg. Men kvifor i all verda skal du kunne vite forskjellen på eit norsk verb, eit norsk substantiv og subjekt og direkte objekt i norske setningar? Du snakkar jo flytande norsk!

Kva er grammatikk?

Grammatikk er studiet av systemet i eit språk. Allereie som toåring startar dei fleste å kombinere ord som krev ei viss innsikt i grammatikk. Barn lærer seg denne grammatikken ubevisst. Mange forskarar trur barn har ei medfødd evne til å lære seg språket sine system.

"I dag gådde eg ein lang tur", kan du høyre ein fireåring seie. Klarer du å bruke riktige grammatikalske omgrep for å forklare kva barnet gjer feil her?

Svaret er at barnet bøyer verbet “gå” som eit svakt verb, men det er sterkt. Det har forstått svak verbbøying og bruker dette prinsippet på alle verb. Ved utprøving lærer barnet seg språket sitt system, og som seksåring seier han/ho kanskje “I dag gjekk eg ein lang tur”, sjølv om ingen har fortalt at “gådde” var feil.

Grammatikk er språket sitt språk

Når du skal lære deg eit nytt framandspråk, vil du kanskje forbinde grammatikk med pugging og reglar. Men sanninga er at grammatikk ikkje er reglar nokon har laga for deg. Språket kom først! Grammatikk er berre studiet av eit talespråk som er nedskive. Og viss du skal forstå eit nytt språk fullt og heilt, må du ikkje berre kunne snakke ditt eige morsmål, du må òg kunne snakke om det. Vi kallar språket vi bruker for å beskrive språk for "metaspråk". Å beherske dette metaspråket vil hjelpe deg å lære andre språk.

I tillegg vil det å kjenne til grammatikken kunne hjelpe deg til å utvikle ditt eige språk. For det er lettare å forstå kor du skal plassere kommaa viss du veit forskjellen på ei leddsetning og ei heilsetning. Og om du veit kva eit substantiv og eit adjektiv er, vil du forhåpentlegvis lettare forstå kvifor du skal skrive “superviktig” og ikkje “super viktig”.

Er de så super vikti og kunne skrive rikti då?

Det å lære seg å skrive godt er faktisk superviktig! For det første handlar det om at du vil få betre sjølvtillit som skrivar. Kanskje kan dette føre til større skriveglede? For det andre er skriving eit praktisk fag. Skrivekompetanse treng du i dei fleste jobbar, og ikkje minst: på nesten alle studium.

Det å skrive godt, både i offisielle og uoffisielle samanhengar, handlar om å bli teken på alvor og å kommunisere. Skriv med godt språk er lettare å forstå, og mottakaren av teksten din vil få eit positivt inntrykk av deg. Å lære seg grammatikk er ein av vegane til eit godt språk.

Kor skal du byrje?

Allereie på barneskulen lærer dei fleste mykje grammatikk. Men mange gløymer fort kva som er forskjellen på eit verb og eit substantiv. Og kva var nå perfektum igjen? Hugsar du eigentleg kva som er forskjellen på eit direkte og eit indirekte objekt?

Ta testen under og sjå kor mykje grunnleggjande grammatikk du kan. Samarbeid gjerne med ein eller fleire i klassen.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019

Læringsressursar

Kva er språk?