Hopp til innhald

Litterære tekstar

Den fødde pratmakaren

Forfattar Guro Busterud er førsteamanuensis i norsk ved Institutt for lærarutdanning på NTNU i Trondheim.
Småbarn som krabber på gulvet. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den fødde pratmakaren

Dei fleste som har prøvd å lære seg eit fremmedspråk i vaksen alder, har opplevd at det krev ein god porsjon pugg og stor arbeidsinnsats. Kvifor er det slik at det å lære seg eit språk er så vanskeleg for vaksne, mens det verkar uproblematisk for barn? Er det ikkje meir logisk at barn, som kognitivt og intellektuelt sett er mindre utvikla enn vaksne, burde ha større problem med å lære seg å snakke?

Eit kjenneteikn ved menneska er at alle lærer seg eit språk mens dei enno er barn. Innan fire- til femårsalderen har barn lært seg dei aller fleste grammatiske strukturane i morsmålet sitt. Med tanke på kor komplekst dette systemet er, er det underleg at det i det heile teke er mogleg å lære det i så ung alder. Eit barn på fem år er ikkje nødvendigvis i stand til å knyte sine eigne sko, men å tileigne seg eit komplekst sett av grammatiske strukturar er tydelegvis ikkje noko problem. Barn lærer seg morsmålet relativt fort og ganske feilfritt, og tileigninga skjer nokolunde likt hos alle.

Innan språkvitskapen er svaret på språklæringsspørsmålet at alle menneske har ei medfødt evne til å lære språk, og det som er medfødt, treng ikkje å bli lært. I moderne tid reknar ein Noam Chomsky som mannen bak teorien om at språket er forankra i menneskesinnet. Alle friske menneske er preprogrammerte til å lære språk fordi vi har ein medfødt universalgrammatikk. Universalgrammatikken, eller språkevna, som vi også kan kalle han, er ifølgje Chomsky eit biologisk organ på lik linje med blodomløpet. Universalgrammatikken er ein biologisk del av menneskehjernen, og det er han som gjer det mogleg å lære og tolke språk.

I boka The Language Instinct omtaler Steven Pinker evna til å lære språk som eit instinkt[1]. Eit barn treng ikkje lære å lære morsmålet. Det skjer heilt automatisk. Pinker samanliknar dette med fuglane sitt instinkt til å fly, og edderkoppanes instinkt til å lage spindelvev. Ingen edderkoppar lærer å lage spindelvev – det er noko dei gjer heilt automatisk. Alle barna som er friske og som har ein normal oppvekst, lærer seg å snakke. Språklæringa skjer heilt ubevisst, og barna treng inga opplæring. For at eit barn skal lære å sykle, må det gå aktivt inn for å lære seg det. Det finst barn som aldri har lært å sykle, men det finst så å seie ingen friske barn som aldri har lært å snakke. Det einaste som må til for at eit barn skal lære seg å snakke, er at det er omgitt av og høyrer språk.

Når eit barn blir født, er språkevna ferdig utvikla, men barnet må tileigne seg dei spesielle reglane i morsmålet. Evna til å lære språk er knytt til eit bestemt biologisk stadium i livet, og læringa skjer automatisk. I boka Revolusjon i lingvistikken samanliknar Jan Terje Faarlund dette med at barn får tenner. Barn treng ikkje å lære å få tenner. Vi tenkjer oss at universalgrammatikken er aktiv og guidar bygginga av morsmålsgrammatikken.

Forsking viser at det finst kritiske grenser for språktileigning. Barn som lærer å snakke før seksårsalderen, er vanlegvis garanterte å få eit normalt språk. Barn som ikkje har lært eit språk (munnleg eller teiknspråk) før pubertetsalder, er permanent ute av stand til å lære seg eit språk fullstendig. Det finst triste eksempel på barn som har hatt minimal menneskeleg og språkleg kontakt fram til pubertetsalder. Eit eksempel er den amerikanske jenta ”Genie”, som var stengd inne på sitt eige rom og blei funnen først da ho var 13,5 år. ”Genie” kunne lære seg ord, men var ikkje i stand til å setje orda saman til frasar eller setningar. Dette var altså eit resultat av at ho hadde vore stengd ute frå språklege stimuli i den alderen der språkevna er mest aktiv. Slik kvinner berre er fruktbare i ein viss del av livet, er evna til å tileigne seg språk avgrensa til ein bestemt del av livet.

Viss universalgrammatikken er lik for alle menneska, korleis er det da mogleg at det eksisterer forskjellige språk? Sjølv om universalgrammatikken er felles for alle, er han ikkje spesifisert for eitt bestemt språk. Universalgrammatikken består at eit sett med generelle prinsipp som er felles for alle språka, slik at det barnet må lære seg, er dei spesifikke reglane i det språket eller dei språka som omgir det. Språkevna hjelper barnet med å analysere språket det høyrer, og å konstruere ein grammatikk ut frå det. Barn er biologisk betinga til å finne fram til reglane som ligg til grunn for setningane dei høyrer. Barn klarer det som ingen lingvistar så langt har makta, nemleg å finne fram til ein komplett analyse av grammatikken i språket som omgir dei.

Ordforklaringar

Ordliste

  • kognitiv: det som har med fornuft, sansing og tenking å gjere
  • intellektuell: som høyrer til forstanden og fornuften
  • grammatiske strukturar: mønster for å byggje ord og for å setje dei saman til frasar og setningar
  • kompleks: samansett, innfløkt
  • preprogrammert: førehandsprogrammert
  • ei kritisk grense: ei avgjerande grense
  • universal: felles for alle
  • eit stadium: ein periode, ein fase, eit tidsrom
  • lingvistikk: språkvitskap
  • permanent: varig
  • frase: Uttykket "det gamle huset" er eit eksempel på ein frase. Ordet "hus" har fått knytt til seg både artikkel og adjektiv. Frasar i språket må byggjast etter bestemte reglar.
  • språklege stimuli: språkleg påverknad
  • spesifisere: definere, bestemme
  • prinsipp: grunnregel
  • spesifikk: bestemt, avgrensa
  • konstruere: byggje
  • lingvist: språkforskar
  • biologisk betinga: biologisk bestemt
CC BY-NC-NDSkrive av Guro Busterud.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Kva er språk?