Hopp til innhald

Fagstoff

Særpreg ved norsk

Språk er bygd opp på ulike måtar. Men det nesten alle verdas skriftspråk har felles, er at dei byggjer på eit språk som allereie eksisterer munnleg. I dette talespråket er det grammatiske reglar som morsmålsbrukarane i liten grad tenkjer over. Kva er det som særpregar det norske skriftspråket?

Kva er norsk?

Norsk er eit germansk språk som høyrer med til den indoeuropeiske språkfamilien. Med nesten fem millionar morsmålsbrukarar er det blant dei 100 største språka i verda.

To skriftspråk

I Noreg har vi to offisielle språk: norsk og samisk. Majoriteten av nordmennene snakkar norsk. Det som er unikt med norsk, er at du kan velje mellom to skriftspråk: nynorsk og bokmål. Begge skriftspråka er to ulike variantar av språket norsk.

Bokmål

I dag vel omtrent 9 av 10 nordmenn å skrive bokmål. Bokmål har sine røter i det danske språket. Vi var i union med Danmark fram til 1814, og då unionen blei oppløyst, var skriftspråket i Noreg dansk. Dette meinte mange var ei dårleg løysing: Nordmennene snakka norsk, men skreiv dansk. Dermed blei det danske skriftspråket gradvis forandra, slik at det blei til det vi i dag kjenner som bokmål.

Nynorsk

Nynorsk har dei same historiske røtene som bokmål, men dette skriftspråket blei bygd opp frå grunnen. Etter unionsoppløysinga meinte Ivar Aasen at Noreg trengte eit heilt nytt skriftspråk, ikkje ei gradvis fornorsking av dansken. Han drog rundt i norske bygder og samla inn data for å lage det vi i dag kjenner som nynorsk.

Jamstilte skriftspråk

I 1885 blei det mogleg for nordmenn å velje Aasens språk som offisielt språk. Og i 1907 blei det bestemt at alle elevar i norsk skule måtte kunne skrive begge skriftspråka. Dette er årsaka til at elevar i norsk skule i dag skriv tekstar på både nynorsk og bokmål.

SVO-språk

Alle språk har bestemte reglar for korleis ord og setningsledd skal følgje etter kvarandre i setningar. I norsk, engelsk og spansk er hovudmønsteret for rekkjefølgja av setningsledd S-V-O. Det betyr at setningsledda vanlegvis står i rekkjefølgja subjekt – verbal – objekt: Kari (S) køyrer (V) bil (O).

Andre språktypar

Språk som latin, tyrkisk, japansk og swahili er SOV-språk. Her er rekkjefølgja vanlegvis subjekt – objekt – verbal: Kari bilen køyrde. På verdsbasis er rekkjefølgja SOV mest utbreidd, med SVO-systemet hakk i hæl. Langt færre språk har rekkjefølgja VSO: Køyrde Kari bilen. Arabisk, hebraisk og gælisk (keltisk) er døme på slike VSO-språk.

Syntetisk språk

Vi skil mellom syntetiske og analytiske språk. At eit språk er syntetisk, vil seie at orda blir bøygde. Til dømes veit du at det det er snakk om ein gut når du høyrer ordet guten, medan du veit at det er tale om fleire når nokon seier gutar.

I analytiske språk blir ikkje ord bøygde på denne måten. Der er det berre eitt ord same kor mange gutar det er snakk om. I staden blir mengde bestemt av enkeltord framfor eller bak substantivet, eller ordet sin posisjon i setninga. Eit døme på eit analytisk språk er vietnamesisk. På vietnamesisk heiter ein gut "con trai", medan gutar heiter "các con trai".

Norsk er eit svakt syntetisk språk

Mange språk har langt fleire bøyingar av ord enn norsk. Tysk er eit døme på dette. På norsk vil den ubestemte artikkelen i hankjønn alltid vere “ein”. På tysk er dette annleis. Sjå på dømet under: Kva skjer med artikkelen "ein" i dei tyske setningane?

Samanlikning av språk

Norsk

Tysk

Ein gut går.

Ein Junge geht.

Eg ser ein gut.

Ich sehe einen Jungen.

Eg gir ein gut boka.

Ich gebe einem Jungen das Buch.

Ein viktig forskjell på tysk og norsk er altså at artikkelen blir bøygd på tysk. Kva form han har, kjem an på kva slags funksjon frasen han står i har i setninga. Viss han er subjekt, skal det vere "ein", direkte objekt "einen" og indirekte objekt "einem".

Slik er det ikkje med det svakt syntetiske språket norsk. Her heiter den ubestemte artikkelen "ein" uansett kva funksjon han har i setninga

Kjelder:

Haugland, K. (2007). Litt om historia bak sidemålsstilen. Språknytt, 2007(3), 5–8.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland, Marion Federl og Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 22.08.2019

Læringsressursar

Kva er språk?