Hopp til innhald

Språket som system og mulighet

Språk er lydar som er sette i system for å skape meining. Vi bruker lydane til å byggje ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss ei mengde verktøy slik at vi kan få sagt alt vi vil – iallfall nesten!

Kva er språk?

Vi bruker språk til å kommunisere med andre menneske. Ved hjelp av tale og teikn kan vi ytre oss og tolke det andre ytrar. Du bruker språket slik kvar dag – antakeleg utan å tenkje så nøye over kva slags språkkunnskap du har.