Kva rolle speler "brorskapen" i to gutegjengar med utanlandsk bakgrunn?
Denne oppgåva tek utgangspunkt i to tekstar:
- utdraget frå Dette livet eller det neste av Demian Vitanza
- utdraget frå "Brorskap og enhet" av Leo Ajkic frå boka Third Culture Kids
Del 1. Kva er brorskap?
Jobb saman i par eller grupper. Bruk internett eller biblioteket:
- Kva betyr ordet "brorskap"? Finn definisjonar på pålitelege sider, som desse to ordbøkene: Det norske akademis ordbok og Bokmålsordboka / Nynorskordboka.
- Gjer eit søk på internett. Korleis blir ordet "brorskap" brukt? Sjå til dømes på historiske betydingar refereret til av snl.no, Wikipedia osb.
- Skriv ned det de finn, gjerne i eit tankekart.
Del 2. Brorskap i Dette livet eller det neste
Jobb aleine. Les utdraget frå Dette livet eller det neste av Demian Vitanza.
- Kva er det som held gutane saman? Trekk ut sitat som viser at det er mykje forskjellig dei har felles.
- Kva er det dei misliker og snakkar stygt om? Skriv ned sitat som grunngiving.
Del 3. Brorskap i Third Culture Kids
Jobb aleine. Les utdraget frå Third Culture Kids av Leo Ajkic.
- Kva skaper ein fellesskap i Leo Ajkic sin gjeng? Grunngi ved å vise til sitat.
- Har denne brorskapen ein felles fiende, slik gjengen i Dette livet eller det neste har? Grunngi svaret ditt.
Del 4. Samanlikn tekstane
Jobb i par eller grupper.
- Diskuter svara de har funne på del 2 og 3. Har de gjort dei same funna?
- Samanlikn tekstane. Kva likskapar og forskjellar finn de i dei? Lag gjerne ei skjematisk oversikt.
Diskuter utdraga:
- Kva for ein av gjengane meiner de kjenner mest på "utanforskapet"?
- Kvifor er det slik? Finn eit sitat som viser temaet utanforskap tydeleg.
Del 5. Skriv eit avsnitt der du samanliknar tekstane
Jobb aleine eller i par. Skriv eit avsnitt der du/de samanliknar brorskapen i dei to tekstane.
I presentasjonen under vil du både finne tips til korleis du kan setje opp avsnittet og til å lage ei temasetning du kan bruke som skrivestartar.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020