Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen IRL

IRL er ein svensk spelefilm frå 2013 om nettspel, mobbing og sosiale medium. Her er diskusjonsoppgåver til filmen.

Oppgåver til diskusjon

  1. Kva gjorde mest inntrykk på deg i filmen?
  2. Kjenner du til liknande historier frå din eigen skule?
  3. Kvifor trur du filmen har fått tittelen IRL?
  4. På kva måte belyser filmen temaet identitet, og det å ikkje passe inn?
  5. I filmen blir det nytta eit forteljargrep som tidvis gjer det vanskeleg å skilje mellom kva som er faktisk handling, og kva som skjer i hovudet på Elias. Kva for nokre eksempel finn du på dette?
  6. Heilt i starten av filmen ser vi eit kort klipp frå eit intervju med faren til Elias. Dette er rammeforteljinga til filmen. Rammeforteljinga, der faren snakkar inn i kamera, dukkar opp fleire gonger i filmen. I kva for samanheng er intervjuet gjort?
  7. Kvifor trur du faren og Elias valde denne løysinga?
  8. Mange koplar valdelege dataspel til mobbing og valdshandlingar i det verkelege livet. Trur du valdelege dataspel kan føre til meir vald?

Relatert innhald

IRL er ein svensk spelefilm frå 2013 om mobbing, sosiale medium og dataspel.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 12.08.2020

Læringsressursar

Utanfor eller innanfor?