Camara Lundestad Joof presenterer boka si slik i eit interjvu med NRK:
– Boka handlar om å vere fødd her, vere norsk, men brun – men likevel ikkje alltid få tildelt den norske identiteten sin. Om korleis ein ber vald og rasisme i kroppen sin.
– Har du vorte utsett for mykje av det?
– Eg har vorte banka opp av nynazistar i Sandefjord då eg var 14 år gammal, og då eg var seks år vart eg slått med paraply fordi ei dame ikkje meinte at eg fortente å gå med nordlandsbunad.
Likevel understrekar ho at det er dei små kommentarane som stikk djupast.
– Det er sånn som å bli mistenkt for å snike av medpassasjerar, når du har billett til første klasse på toget. Eller å bli skulda for å vere prostituert utan vidare i Oslo.(NRK.no, 2018)
Oppvarmingsoppgåve
Sit saman i grupper og diskuter:
- Har de nokon gong sjølv opplevd eller sett døme på diskriminering på grunn av utsjånad?
- Korleis reagerte de då de opplevde eller såg dette?
- Om den same situasjonen hende på nytt – ville de reagert annleis då?
Oppgåve 1. "Å slutte"
Relatert innhald
Les det første utdraget frå Eg snakkar om det heile tida.
- Eg-personen fortel om mange ulike kjensler som blir vekte i henne når ho opplever rasisme eller prøver å forklare kvite menneske korleis rasisme kjennest. Kva for ulike kjensler fortel ho om?
- Kva for språklege verkemiddel bruker ho for å få fram kjenslene sine?
- Korleis understrekar verkemidla kjenslene ho har?
Oppgåve 2. "Bunad 1"
Les historia om då eg-personen hadde på seg bunaden for første gong på 17. mai.
- I det andre avsnittet er det ein sterk kontrast mellom eg-personen sine kjensler og den reaksjonen ho får frå den gamle dama. Korleis påverkar denne kontrasten oppfatninga di av historia? Kvifor?
- Kva trur du eg-personen meiner med dei to siste setningane: "Så historia handlar om at mormor var ein superhelt. Nokre gonger for di skuld, men kanskje mest for mi eiga."
- Lag ein teikneserie av historia. Pass på at du ikkje gjer det til komikk, men får fram alvoret i den korte teksten.
Oppgåve 3. "Å reise med fly" og "Å reise med tog"
Les dei to korte tekstane "Å reise med fly" og "Å reise med tog". Diskuter i grupper:
- Kva kjensler blir vekte i dykk etter å ha lese desse tekstane?
- Korleis viser desse tekstane eg-personen sitt utanforskap?
Relatert innhald
Kjelde
Kristoffersen, K.J. (2018, 18. juni). "Vil bekjempe rasisme med ny bok: – Jeg ble slått for å gå med bunad". Henta 16.04.2020 frå https://www.nrk.no/nordland/vil-bekjempe-rasisme-med-ny-bok_-_-jeg-ble-slatt-for-a-ga-med-bunad-1.14089692