Del 1. Tankane dykkar om forventningar til gutar
Gå saman i grupper. Lag ein tabell som den de ser under og diskuter ut frå eigne røynsler i kvardagen. Ein er sekretær og noterer ned svar i kvar kolonne i tabellen.
Kva skal gutar gjere? | Kva skal gutar ikkje gjere? |
---|---|
Kva forventningar har samfunnet til korleis gutar skal sjå ut, kle seg, oppføre seg og kva dei skal vere interesserte i? | Kva forventningar har samfunnet til korleis gutar ikkje skal sjå ut, oppføre seg og kva dei skal vere interesserte i? |
Del 2. Les med ein partnar
Gå saman i par. Ein av dykk skal ha rolle som "lesar", den andre som "lyttar".
Kva skal "lyttaren" gjere?
- sitje stille og lytte
- svare på spørsmålet lesaren stiller mot slutten
Kva skal "lesaren" gjere?
- Les novella "Annerledes" høgt for "lyttaren" (lenkje nedst på sida). Men stopp når du kjem til det siste avsnittet. Still då spørsmålet: "No er det berre nokre få setningar igjen av novella. Kva trur du skjer?"
- Etter at "lyttaren" har kome med forslaget sitt: Les ferdig novella.
Korleis gjekk det? Klarte lyttaren å kome med eit forslag som likna avslutninga, eller såg hen ikkje denne avslutninga komme i det heile?
Del 3. Diskuter i par
- Kva meiner de forfattaren ønskjer å fortelje deg som les med denne teksten?
- Sinnstemninga til hovudpersonen skiftar heile tida. Kor mange slike stemningsskifte (små vendepunkt) finn vi i teksten?
- Kjem opplysninga om at hovudpersonen er ein gut heilt overraskande, eller finn du frampeik i novella som antydar dette?
- Kva for ein konflikt opplever hovudpersonen? Og kva løysing på konflikten har han vald så langt i livet?
- Hovudpersonen reknar ikkje med at han vil møte forståing hos nokon andre for korleis han er. Har han grunn til å vere redd? Grunngi svaret dykkar.
Del 4. Ein kortfilm om kjønn og identitet
Kortfilmen Bendik og Monsteret
Skriv aleine først:
- Korleis viser filmen at samfunnet har spesielle forventningar til gutar?
- Kvifor trur du dei som har laga filmen, har sett inn eit monster som er snilt og ikkje liker å skremme?
- Kva meiner du er temaet i filmen?
- Vel eitt sitat frå filmen som du synest får fram tematikken godt.
Gå saman i grupper:
- Diskuter spørsmål a–c.
- Fortel kvarandre kva for eit sitat de valde, og kvifor de valde nettopp dette.
Del 5. Samanlikn novelle og film
Sit i grupper. Ha kvart dykkar ark eller kvar dykkar PC framfor dykk. Den første delen skal de gjere utan å snakke saman.
Fullfør setningane under:
- Eg meiner den viktigaste likskapen mellom novella og filmen er ...
- Eg meiner den viktigaste forskjellen mellom novella og filmen er ...
- Høgde-/vendepunktet i filmen var då ...
- Høgde-/vendepunktet i novella var då ...
- Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i novella er ...
- Det viktigaste verkemiddelet for å få fram temaet i filmen er ...
Les deretter opp for kvarandre. Har de lagt vekt på det same? Diskuter og grunngi setningane de har laga.
Del 6. Skriv eit avsnitt i par
No skal de prøve dykk på å skrive i par. Målet med oppgåva er å skrive eitt avsnitt der de samanliknar eitt moment i filmen og novella. De kan velje mellom å:
- skrive eit avsnitt der de samanliknar temaet i tekstane
- skrive eit avsnitt der de samanliknar høgde-/vendepunktet i tekstane
- skrive eit avsnitt der de samanliknar det viktigaste verkemiddelet i tekstane
De bestemmer sjølv kva strategi de vil velje:
- Taktikk 1: De skriv kvar dykkar førstesetning på eit avsnitt og byter etter kvar setning.
- Taktikk 2. De startar på kvart dykkar avsnitt, men byter ark/dokument kvart tredje minutt.
- Taktikk 3. Ein snakkar, medan den andre skriv. Diskuter om høgtlesinga viser at språket må fiksast på somme stader.
- Taktikk 4. Eigen taktikk som de finn på sjølv.
Bruk gjerne ressursen som er lenkja til under som modelltekst.
Del 7. Få nokon andre til å vurdere dykk
No skal de sitje med to avsnitt. Ta det avsnittet de meiner er det beste og byt med eit anna par i klassen. No skal de kommentere tekstane til kvarandre skriftleg, som om de var lærarar. Legg vekt på dette:
- Gjer temasetninga det klart kva avsnittet skal handle om?
- Er det brukt fagomgrep om verkemiddel der det er relevant?
- Har setningane god oppbygging?
- Er det brukt setningskoplarar, slik at det er god flyt mellom setningane?
- Er samanlikningane relevante og grunngitte ved at skrivaren viser til sitat eller konkrete hendingar i novella/filmen?