Språk og identitet i Tante Ulrikkes vei
Vi seier ofte at vi vel korleis vi snakkar. Det vil seie at vi bruker språket som identitetsmarkør. Det kan vise
- kva slags kjønn du har
- kor gammal du er
- kvar du bur
- kva gruppe du identifiserer deg med
- kva for eit sosialt lag du høyrer til
Sett dykk saman i grupper og diskuter:
- Samanlikn talespråket dykkar. Snakkar de likt?
- Om ikkje: Kva består forskjellane av? Korleis vil de karakterisere talespråket til kvarandre?
- Diskuter i gruppa: Om det er forskjellar mellom dykk, kva kan vere årsaka til dette? Er det nokon av momenta over som speler inn (kjønn, alder, sosialt lag, gruppeidentitet)?
Romanen Tante Ulrikkes vei handlar om dei to gutane Mo og Jamal. Både Mo og Jamal bur på Stovner, dei er norskfødde med to innvandrararforeldre, og foreldra lever på trygd. Med så lik bakgrunn forventar vi vel at dei snakkar ganske likt?
- Gå saman to og to. Fordel roller mellom dykk. Ein er Jamal, og ein er Mo. Les høgt for kvarandre.
- Korleis vil de karakterisere språket til Jamal? Peik på særpreg ved talemålet hans som skil det frå standardnorsk.
- Kva med språket til Mo? Kva karakteriserer det?
- Kva synest dei to hovudpersonane om heimstaden sin, Stovner?
- Korleis meiner de språket til gutane speglar den identiteten dei har, eller ønskjer å ha?
Relatert innhald
I romanen Tante Ulrikkes vei beskriv to unge gutar livet sitt i bydelen Stovner utanfor Oslo. Les utdraga.
Mo og Jamal formulerer seg heilt ulikt. Kva kan vere årsaka til det? Har det noko med kven dei ønskjer å vere? Eit hint kan du finne ved å sjå intervjuet med Sero Yildirim i Eides språksjov.
Sjå intervjuet i NRK-programmet Eides språksjov frå 04:40.
- Kva kjenneteiknar talemålet til hovudpersonane frå NRK-serien 18?
- Kva likskapar ser du mellom Jamal og Seros talemål?
- Kva er det Sero seier som viser at multietnolekten kebabnorsk er noko ein vel å snakke?
- Kvifor trur du Jamal vel å snakke kebabnorsk, medan språket til Mo ligg nærare standardnorsk?
No skal du øve deg på å skrive eit avsnitt som samanliknar karakterar. I denne oppgåva skal du òg jobbe med å bruke norskfaglege omgrep om språklege verkemiddel. Oppgåva er denne:
- Gjer greie for korleis Zeshan Shakar bruker språklege verkemiddel i den indirekte personskildringa av Mo og Jamal. Desse orda bør vere med i svaret ditt:
Om språket til Jamal | Om språket til Mo |
---|---|
multietnolekt, kebabnorsk, slang, V2-regelen, feil kjønn på substantiv, lånord, identitetsmarkør. | språklege bilete, samanlikningar ("som en gammel klut"), metaforar ("en flukt uten føtter"). |
Målet med oppgåva er altså å vise korleis forfattaren bruker språket for å få fram at dei to hovudpersonane har ulik identitet.
Relatert innhald
Tante Ulrikkes vei er ein roman om to gutar frå Groruddalen. Romanen handlar om utanforskap og oppvekst.