Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturmøte i tekst

Kva skjer når menneske frå svært ulike kulturar kjem saman? Eller når eitt individ må romme fleire kulturar? Korleis går det med menneska når ein kultur fortrengjer andre? Vi kan finne mange svar på desse spørsmåla ved å lese om kulturmøte i litteraturen.
Ung gut trekkjer ut ei bok frå ein høg stabel av bøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kultur i kontakt

Kulturen du lever i, dannar rammene for korleis du forstår både deg sjølv, dei andre og verda. Noreg er, som dei fleste landa i verda, eit fleirkulturelt samfunn, og verda har aldri vore så voven saman som ho er no, på grunn av . Dermed kjem ulike kulturar stadig i kontakt med kvarandre. Når ulike verdiar og levemåtar møtest, kan det føre til både misforståingar, konfliktar og nyskaping.

Tenk over:

Kor mange komediar kjenner du til som handlar om misforståingar som oppstår på grunn av kulturforskjellar?

Er kultur berre noko utlendingar og innvandrarar har?

Kva som er norsk kultur, er eit spørsmål som har starta heftige diskusjonar dei siste tiåra. På den eine sida kan ein seie at det ikkje finst noko som er berre norsk; både bunaden og dugnaden finst i andre kulturar, og mennesket har alltid flytta på seg. Men på den andre sida kan ein òg seie at det er vanskeleg å møte andre kulturar om ein ikkje står støtt i sin eigen, og at det er teikn på ukunne å ikkje vite kva som utgjer norsk kultur.

Kan vi definere kva norsk kultur er, på ein måte som fangar opp det som er spesielt for tida og samfunnet vi lever i, samtidig som vi omfamnar alle dei ulike måtane å vere norsk på i eit fleirkulturelt, globalisert samfunn? Gode tekstar om kulturmøte kan utforske denne spenninga og hjelpe oss til å finne måtar å leve saman på i det fleirkulturelle samfunnet.

Då Kong Harald heldt ein tale under Kongeparet sin hagefest i Slottsparken i 2016, gav det nytt liv til debatten om det norske:

Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene.

Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria. Besteforeldrene mine innvandret fra Danmark og England for 110 år siden.

Med andre ord: Norge er dere.
Norge er oss.

(Kong Harald, 2016)

Michael Ray Vera Cruz Angeles skriv i teksten "Karakterboka" i antologien Third culture kids, om korleis mora peika på at det norske passet hans var alt han trengte for å bli inkludert i det norske "vi":

Og siden da var jeg vel norsk, da. Jeg er norsk, jeg er meg, og det er vel norsk.

(Angeles i Naqvi, 2019, s. 8)

Tenk over:

Tenk at du lagar ei liste over kva som er norsk kultur, og så ei liste over kva du et, les, ser på, driv med og kven du omgåst i kvardagen. Kor like eller ulike trur du dei to listene ville blitt?

Kva har dette å seie for spørsmålet om kva som er norsk kultur i dag?

Internatskulen for Flyttsame-barn i 1950. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konfliktar og maktovergrep

Kulturar kan eksistere side ved side utan problem, men dei kan òg kollidere med mektig kraft. Vi har prøvd å få kulturar til å sameksistere i samfunnet på fleire måtar. Lenge var målet å assimilere minoritetar ved å oppmode til å leggje bort sin eigen kulturbakgrunn for å passe betre inn i kulturen til storsamfunnet.

Fornorskingspolitikken som den norske staten førte mot den samiske urbefolkninga, er eit døme på dette. Tekstar om denne tida, sett frå ein samisk ståstad, gir eit viktig perspektiv på kor viktig kulturell identitet er for einskildmennesket. Dei understrekar òg korleis dette var eit maktovergrep frå sida til den norske staten.

Tekstar om kulturmøte kan altså gi ei stemme til undertrykte minoritetar, og avdekkje maktforhold mellom grupper i samfunnet.

Tenk over / diskuter:

Kor synleg er samisk kultur i det norske samfunnet i dag?

Utanforskap og rasisme

Seinare har vi tenkt at integrering er ein betre strategi. Då er idealet å fungere i samfunnet gjennom å lære språket og å få arbeid, medan ein elles kan halde på normer og veremåtar, så lenge dei ikkje er i konflikt med dette. Men er det så enkelt, når forsking viser at utanlandske namn på jobbsøknaden reduserer sannsynet for å bli kalla inn til intervju med om lag 25 prosent?

Tekstar om kulturmøte kan gi oss innsikt i den menneskelege sida av integreringspolitikken, og gi meir nyanserte svar på korleis utanforskap oppstår.

Balansekunstnarar

Kva skjer når barn av foreldre med innvandrarbakgrunn, veks opp i Noreg med eitt bein i kvar kultur? Enkelte opplever at når du møter verdiar heimanfrå som står i kontrast til verdiane i storsamfunnet, kan det bli ein balansekunst.

Tekstar om kulturmøte kan gi ei viktig stemme til dei av oss som veks opp som balansekunstnarar.

I romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar får vi eit innblikk i korleis det er å vekse opp i Groruddalen i Oslo med innvandrarforeldre. Boka gir lesaren innsikt i alle dei kompliserte faktorane som påverkar eit menneskeliv i den eine eller andre retninga.

Dokumentarromanen To søstre av Åsne Seierstad prøver å svare på spørsmålet om kvifor muslimsk ungdom fødde i Noreg, slutta seg til IS.

Den dansk-palestinske diktaren Yahya Hassan har fleire dikt som beskriv ein barndom med vald frå faren som er traumatisert av krigen dei har flykta frå:

FEM BARN PÅ REKKE OG EN FAR MED EN KØLLE

MASSEGRINING OG EN PØL AV PISS

VI REKKER UT EN HÅND ETTER TUR

FOR FORUTSIGBARHETENS SKYLD

DEN DER LYDEN NÅR SLAGENE RAMMER

Utdrag frå dikta "Barndom" (Hassan, 2014), norsk gjendikting ved Pedro Carmona-Alvarez

Tenk over:

Er det berre barn av innvandrarar som kan oppleve at verdiane heimanfrå står i konflikt med verdiane dei møter på skulen, blant vener og elles i samfunnet?

Person som spraymålar ein murvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyskaping og vekst

Når vi les tekstar med stemmer frå ulike kulturelle ståstader, kan det òg vere ei moglegheit til å reflektere over moglegheiter som opnar seg når vi får fleire bein å stå på, kulturelt sett. Impulsar frå fleire kulturar kan bli til noko heilt nytt når dei blir kombinerte.

Vi ser òg at ungdom som veks opp i Noreg mellom to kulturar, lagar sin eigen, tredje kultur, og i boka Third culture kids viser tekstane korleis ein slik bakgrunn kan vere ein styrke.

I Norge opplevde jeg å måtte skape et fellesskap på nytt, som igjen var basert på «brorskap og enhet». En tredje kultur.

(Ajkic i Naqvi, 2019, s. 29)

Kjelder

Hansen, T. L. (2012, 10. februar). Vanskeligere å få jobbintervju med utanlandsk navn. Henta frå Forskning.no: https://forskning.no/ledelse-og-organisasjon-arbeid-institutt-for-samfunnsforskning/vanskeligere-a-fa-jobbintervju-med-utenlandsk namn/731093

Hassan, Y. (2014). Barndom (1. utg.). Oslo: Cappelen Damm.

Kong Harald (2016). Tale ved hagefesten. Henta frå http://www.kongehuset.no/tale.html?tid=137662&sek=26947&scope=27247

Naqvi, A. R. (red.) (2019). Third culture kids (1. utg.). Oslo: Gyldendal.

Shakar, Z. (2018). Tante Ulrikkes vei (7. utg.). Oslo: Gyldendal.

Relatert innhald

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

Utdrag frå boka "To søstre" av Åsne Seierstad (2016)

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2020

Læringsressursar

Kulturmøte og identitet